BIT-teatergarasjen arrangerer i desse dagar minifestivalen APAP – med både konsert, film og forelesning, samt eit par danseforestillingar. Men ikkje noko teater? Men eg tenkte at eg fikk gi det ein sjanse likevel. Ein kvar anledning til å menge seg med teaterfiffen er jo ein god anledning.

I går var det to ting som stod på plakaten: Eit foredrag med tittelen Arachnophilia {hyperthreading}: Who is afraid of the female artist? Er det trendy å ha lange titler for tida? Ein film med tittelen Odyssey Complex. Ok, kanskje ikkje så trendy, men nokon likar tydelegvis å gjere det vanskeleg.

Foredraget var basert på myten om Arachne, kvinna som var så god til å veve at Athene, gudinna for veving, i sjalusi gjorde ho om til ein edderkopp. «Myten om Arachne, billedliggjør en mengde sentrale tematikker i kunsten, så som forskjellen mellom kunst og håndverk, symbolisme og realisme» stod det i programmet. Foredraget tok opp spørsmål som kva slags ansvar kunstnaren har og korleis vi dømmer kunstverk. Ok, greitt nok, men eg skulle ønske dei kom fram til ein tydelegare konklusjon eller ga oss fleire påstander å gruble på. Men eg hadde sansen for tråden vi måtte vikle mellom oss før dei starta, slik var vi fanga i nettet og kunne ikkje gå før det var ferdig.

Etter ein halvtimes pause kom tyske Felix og presenterte ein film han jobba med. Men før det fortalte han oss at han heitte Felix fordi far hans hadde berre ein testikkel og derfor var det rein lykke da han kom til verda. Så fortalte han oss litt om filmen, som var ein fri adapsjon etter tematikk og innhald i Odysseen, og at dei i første omgang ikkje hadde fått pengar til å gjennomføre prosjektet fordi det var så absurt og speisa. Men da dei sendte inn eit manus med ein kjærleikshistorie, eitt drap og ein happy ending, fekk dei pengar. Det manuset kasta dei frå seg og gikk attende til sitt eigentlege prosjekt.

Dei hadde rett nok ikkje fått ein stor sum til å lage filmen av, så dei hadde ikkje råd til å leige sets, i staden brukte dei pengane på god mat og whiskey. Så derfor spanderte han whiskey på oss før han snurra film – det kan vi like! Og filmen (som var eit work in progress) var akkurat passe speisa og akkurat passe fin.

– Ingrid
4 svar til “Den raude tråden”
Eg kjennar meg godt igjen i problemet hest ellar teater, ka ska en stakkar velge? Eg likar bloggen dokkars, den får meg nestn til å kjenne et lite stikk av savn ettar mine mer ellar mindre sporadiske universitetsbesøk!
Vi prøver så godt vi kan å dekke savnet ditt – så du må seie i frå om det er noko spesielt du saknar, så skal vi skrive om det.
det er det som er så fint med rosabloggen vår – du treng ikkje ha universitetsutdanning for å lese han!
[…] scena og stått der i fem minutt – og det kjennes heilt greitt. I si tid fekk Ingrid whiskey av Felix Ott (som forøvig inviterte publikum til ravedance under årets […]