Kategorier
Hendingar Livsstil

Corner og mål

Endeleg har Cornerteateret på Møhlenpris opna!

GRATULERER!

Bergen har fått eit nytt teater. Ikkje av det største slaget, og heller ikkje av det dyraste. Men det er visstnok det tøffaste teatret i Noreg.

Laurdag 7. september var den store dagen – opning med brask og bram. Frontlosjen var sjølvklart der, og kosa seg litt for mykje til  å bry seg så mykje om dokumenteringa. Men vi deler det vesle som er med dykk lesarar!

IMAG2128 #cornerteateret har sjølvklart ein hipp profil som oppmodar til interaktivitet. Dette sett @frontlosjen pris på. Dei hadde òg eit hipt dansegolv, med raud løpar så klart.IMAG2134

Det var Jan Hakim som spela opp til dans, og vi fekk høyre både Løvenes konge og Knutsen og Ludvigsen.

Men det beste var nesten å sitte ute i loungen bak amfiet. For eit rom! Vi kjende oss mest kontinentale, med vind i håret og utsikt mot eit kaffibrenneri. Merk spesielt dei flotte borda.IMAG2122

Sidan det er september og alt ganske mørkt om kveldane (og underteikna aldri har nok batteri til å nytte blitz), trakk eg i kjend stil inn til toalettfasilitetane for å sjekke ut bileteforholda.IMAG2125IMAG2123

Dei var relativt gode, det gjekk til og med an å få til heilfigur!

IMAG2129

IMAG2139I ekte fri scenekunst-stil vart det viktig med mingling på den store festdagen. Og med mest alle it-folka til stades, fekk Frontlosjen mykje å gjere.IMAG2142Ein av dei viktige frammøtte var Immaturus- teatersjef, Fredrik. Han kunne òg prøvesitte «sin eigen» stol i salen:IMAG2147

IMAG2137Også (eks-) proscenpraktikant Millan var på plass, og Frotlosjen sytte sjølvklart for å stråle litt i glansen hennar.IMAG2135

Dette dagenderpåbilete har vi stole av ho:

Cornerteateret i dagslys. Foto lånt frå Millan. Takk takk, tusen takk Mollar.
Cornerteateret i dagslys. Foto lånt frå Millan. Takk takk, tusen takk Mollar.

Sjå fleire (og kanskje litt meir objektive) bilete her.

– Ragnhild

 

 

7 svar til “Corner og mål”

Det er stengt for kommentarer.