Kategorier
Festival Gjesteinnlegg

From Otta to Fjaler with love/Helena

Helena Wik har fått det ærefulle oppdraget å gjesteblogge på frontlosjen under Teaterfestivalen i Fjaler. Sjekk ut korleis det gikk då ho skulle pakke!

God dag Frontlosjens følgjarar!

Eg heiter Helena Wik, og skal prøve å blogge litt for Frontlosjen denne helga. Det er tid for den årlege hendinga
T E A T E R F E S T I V A L E N I F J A L E R – for åttande gongen, og gledar meg som ein unge etter ein sumar utan festivalar og kulturelle arrangement!

Da eg ble spurt om eg kunne naudblogge for Frontlosjen kan ein godt seie eg vart hoppande glad! Eg har nemleg vore avundsjuk på Tina Engedal heilt frå den gång ho fekk blogge for Frontlosjen i 2015! (2014 front.anm) No er det min tur!

Frontlosjen skreiv sjølvsagt ei pakkeliste eg må helde meg til, og eg fekk 3 timar på meg frå lista kom, til vi måtte reise!

Det er også ein og anna joker i lista, så dei må eg prøve å avdekkje her og no!

Pakkeliste for Helena:

Reisesyketablettar – Dette er ikkje ein joker. Det er 2 framføringar kor ein må nytte båt  for å kome fram.
Båten av Kjetil Solberg Stavenes og Røyst/Desibel – Høyrespel frå fjorden. Tablettane kjem nok godt med her.
Regntøy – check.

Støvlar – check.

Flamingo – Eg har sjølvsagt Flamingoen klar, blåst opp og alt. Men kva kan ein trenge den til? Åh, sjølvsagt! Går ein rundt med ein Flamingo på seg er det enkelt å halde ein meters avstand til andre på festivalen – genialt losjarar!

Ullgenser – check.

Vindunk – Sjølvsagt må ein ha med seg ein raudvinsdunk på teaterfestival.

Laibik (Leppestift) – Alle som har kjennskap til Frontlosjen veit nok at laibik er deira varemerke! Eg tek med både ein frå Dior og Chanel, dette skal ein ikkje tulle med!

Sjølfistång – Altså, først tenkte eg dette var ein joker. Sjølfistång, det er jo berre så 2014!! Men så kom eg på. Den er jo perfekt for å kunne ta bilder med folk på avstand. Ho blir med !

Kjola(r) – Sjølvsagt burde eg hatt ein heimesydd, slik Ingrid i Frontlosjen ville gjort. Men eg tek med ein med paliettar og ein i ull, så sikrar eg meg.

Frokost – Joker. Frontlosjen veit at eg har frukostvaktar heile helga, dermed trengs det ikkje.

Heimsprit – Sjølvsagt må ein trønder ha med heimsprit på festival, den står fast ved saftkokaren og den russiske tekokaren.

Handsprit – Viktig viktig, Erna anbefaler bruk av sprit når ein ikkje har høve til å vaske henda med vatn.

Kattunger – Ville vore dyreplageri å ta med ei katt ut i uværet i Fjaler, men eg tek med ei kosepenn med ein kattunge på.

Lur/Trekkspell/Fele – Eg leita Gudbrandsdalen rundt etter ei gamal fele, eller eit trekkspel, men ingen i dalen kunne låne meg noko som helst. Eg fekk t svar at ein spellemann tek meir vare på spellet sitt, en kjerringa… Men eg trur nok dette er ein JOKER. For i Dale er det ganske vått, og eit strengjeinstrument tek ein ikkje med seg ut i regnet.

Potteplante – Hm, gir jo god stemning. Eg tek med ein plante.

Vimplar – Veldig Frontlosjisk med vimplar, så dei må med – eg skulle vel helst ha sydd dei sjølve, men eg har nokon søte med Petter Kanin på som må duge.

Egg frå frittgåande høns – Her trudde nok bloggarane at dei skulle sende meg frå gard til gard i Gudbrandsdalen etter egg, men eg har jo sjølvsagt eigne høns i hagen etter at eg flytta til Gudbrandsdalen! Eller, vi har dei på fôr for den lokale farmaren Iver Grytting. Han kan ALT om høns, så om di undrar på noko om høns, så kan eg spørja han.

Ullsokkar – check

Ulltrus – Ho heng til lufting baki bilen.

Smågodt – JOKER ALLERT! Først tenkte eg, sjølvsagt skal ein ha med smågodt, MEN dette er jo ein smittekjelde, smågodt er jo skapt for å deles. Den blir att heime!

Paljettar – Her er eg på heimebane!! Eg har eit alterego som heitar Divalena som allvegs nyttar paljettar, difor har eg eit arsenal av paljettar !! Det vanskelege blir å velge! Men eg trur eg går for den rosa som eg har arva hjå kunstnaren Sigrid Fivelstad. Den gir garantert stemning på DJ Grovis partay på festivalen!

Solkrem – Hahahaha, ein Joker – har jo sjølvsagt erfaring nok frå festivalane tidlegare. Her er det uvèr-garanti!

Hammar og tong – Det ligg allvegs i bilen hjå sambuaren, så det tek eg med!

Vinglass– Sjølvsagt! Mine er biodynamiske og i tre – bærekraft!

Pumps – Nok ein klassikar til disco hjå DJ Grovi!

Hawaiiskjorte – Hm, jo – eg vel å ta med ei skjorte sia eg har sett på Facebook at pyntekomiteen i Fjaler har pynta med palmar og handsprit!

Jakob Sandes samlede verker – Det hadde dei ikkje på Vinstra, men eg prøvar med med å ta med BÅDE Fosse og Ibsen – da brukar folk å tenkje at du kan masse om teater og spør ikkje så mykje. Eg kan faktisk ganske mykje av Peer Gynt utanat no så kanskje eg kan briefe litt. Forresten så kjenner eg litt til Margrete i Dale som er dagleg leiar i Jakob Sande-selskapet – kanskje eg kan spørre om ho har det?

Fiskestong – Tek mo med, godt å ha! Så er ein sjølvberga med mat!

Powerbank– må med! Garanterer oppdateringar igjennom heile helga!

Samvirke (coop) -kort – Igjen – sjølvsagt har eg Coop-kort, eg bur på bygda. Dei har Coop i Dale og. Men kanskje er det tenkt som inngangkort til Samvirket scene, den gamle coopen? Eg tar det med. Ein køyrer stadig forbi eit samvirkelag.

Koffein – Eit sikkerstikk på festival, eg vel ParacetDuo, koffein og medisin i eit! Houvudverk og slitne musklar kan kvikkas opp tå ein slik ved morgongry mens ein kravlar seg fram mot Løa kl. 07.00 for frukostvakt!

Pressening – Her vel eg å ta skrittet litt lenger og tar med Järvenduk, ein kan bruka den som pressening/tarp, samstundes som han er isolert og varmar på alle utendørsprogramma festivalen har.

Men eg vart overraska over at Frontlosjen gløymde følgjande essensielle ting:

Henckel Trocken – kjend som teaterchampisen. Eg kjøpte ei på Otta, men ho strauk med i Lom. Altså, ho knuste, eg drakk ho ikkje, ein må vere sober når ein skriv.

History of the theatre av Brockett – ein kjenning av alle teatervitarar og eit hendig oppslagsverk om du ser scenekunst du ikkje skjønar bæret av!

Munnbind – Nett no ligg jo faktisk Fjaler i Vestland og ikkje i Sogn og Fjordane (R.I.P. Trivselsfylket) – og her er det smitteauke! I tillegg kan ein kjøre maske som ein del av stilen – eg valte å gå for designaren TSH. Ingrid i Frontlosjen hadde nok sydd eit heilt sjølv, men der kjem eg te kort.

Leopard – ein tek alltid med seg noko i leopard på festival!

I tillegg tek eg med ei lita flaske Gammal Opland, fordi eg kjem frå gamle Oppland nett no, og det kan vere godt å varme seg på noko i blåsten i Dale.

Så no er det berre å belage seg på ein regnfylt og herleg festivalhelg! Eg kjem tebake med fleire godbitar igjennom helga!

XOXO Helena aka Divalena

P.S.1. Eg har teke over Frontlosjens Instagram i helga, følgj med på @frontlosjen og @wikhel for raske oppdateringar.

P.S.2.. Eg skriv eigentleg ikkje nynorsk i kvardagen, men eg vil gje både bloggen, Vestlandet og Gudbrandsdalen respekt, då dei nyttjar dette vene skriftspråket til dagleg. Eg tek altså sjølvkritikk om det ikkje heng på greip!