På Teaterfestivalen i Fjalers tredje dag hadde vi ein post-apokalyptisk samtale med Håkon Mathias Vassvik og Espen Klouman Høiner frå Verk Produksjoner. Vi fekk høyre litt om ideane bak deira framsyning, Wishful Beginnings. I deira framtidsdystopi om ei verd befolka av posthumane vesen, kor menneska har klona seg med dronar, og blitt udaudlege, er det likevel lysglimt å skimte. Og vi i Frontlosjen ønsker å gå den nye framtida i møte med å vere forut for vår tid. Du har no moglegheit til å vere med på å ruste deg på framtida på ein enkel måte: Get the Verk-Look!
More is more i posthumanismen, og du bør leite fram referansar frå fortidas popkultur, som gamle disneyfilmer og nittitallsmote. Dessutan kan det vere lurt å prøve med ei komisk skremselstaktikk, og finne fram sin ytre og indre klovn. Framtida vil og bere preg av metalliske stoffer og det er viktig å beskytte ansiktet med masker og og eit plastisk filter rundt kroppen. Hugs å forsvare deg mot dine fiender med gammeldagse våpen, det er det einaste som duger. For å gli lettare inn i omgivnadane er full kroppsmaling i gull og sølv obligatorisk. Dette må for all del ikkje forvekslast med utkledning.
Originalversjonen:
Frontlosjeversjonen:
Slik skapar du stilen til Verk Produksjoner:
- Kvite platåsko
- Gullkjole eller paljettskjørt
- Blond eller blå parykk
- Klovnemaske eller -nase
- 1000 meter gladpack
- Pelsjakke (bakfram)
- Lyslenke
- Metallisk sminke, gjerne over heile kroppen
- Minnie mus-øyrer
- øks med glitter
- hjortegevir

PS! Den postapokalyptiske podcasten kan du høyre her:
– Anna og Ingrid