I dag gikk det forbi ein mann på gata som eg ikkje såg ansiktet på, men som eg med ein gong skjønte kven var. Med slitte jeans, skinnjakke, tørkle i halsen og båtlue, var det ikkje noko tvil om kven dette var: Helge Jordal.
Helges stil overlever 90-talets magetoppar, 00-talets tightsar og 10-talets fargerike joggesko slik som ein kakerlakk overlever atomkrig. Dette er looken som er casualicious og normcore til fingerspissen, og som vil få deg til å bli kveldens midtpunkt. På Logen. Følg Frontlosjen trinn til trinn-guide til korleis du får stilen her!
Slik skapar du stilen til the one and only Helgen:
- godt brukte jeans
- Skjorte/Ullgenser
- Skinnjakke
- Bandana i halsen – spritar opp ellers nøytrale fargeval.
- Mössa
- Boots
- Låt på headsettet
– Ragnhild og Ingrid
1 svar til “Get the look: Helge”
Du har stava HÆLGÆ feil.