Kjendisar er og blir store moteikon, og alle har vel lyst til å ha same stil som dei største stjernene våre. I denne spalten gir vi deg dei beste tipsa for korleis ein kan få stilen til store teaterstjerner.
Få stilen til Agnete Haaland her og no!
Om ein står under paraplyen ein regntung dag i Bergen (eller andre stadar i verda forsåvidt) og ser eitt par fargerike Dr. martens gå forbi, kan ein nesten garantere at det er teatersjefen på Den Nationale Scene som eig dei. Agnete Haaland har ein tydeleg og lett kjenkjenneleg stil, med fargerike kjolar, enkelt tilbehør og enkel sminke. Og ikkje mins skoa.
Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix, Fredrik Arff/DNS
Slik skapar du stilen til teatersjefen:
- Dr. martenssko i alle moglege fargar
- laus fargerik kjole
- fløyel og andre mjuke stoffar
- store sjal (som matchar skoa)
- lite sminke, men friskar opp med ein lys raudfarge
- enkle smykker
- svart tights
velvet dress / Blazer / Fleece lined tight / dr martens shoes / Bib necklace / lipstick
Kven kunne du tenke deg å gjenskape stilen til?
– Ingrid
3 svar til “Get the look: Agnete Haaland”
Eg vil gjerne at de fylgjer opp teatersjef-stilen og slenger med stilen til herr Birkeland, frøken Reitan Jensen, kven det no er som held til ute på Stend osb osb. Skodespelarar får alt for mykje merksemd.
Elles har Agnete møblert kontoret sitt ytst smakfullt, med ei kosleg hundekorg under den massive pulten for å mjuke opp inntrykket litt.
Kan røpe såpass at ein av desse er allereie in the making.
[…] seg, men nokre gongar er det veldig greitt å vite kva ein skal forhalde seg til. I motsetning til Agnete, så er fargar fy fy! Det skal vere svart, til naud grått. Det er ganske enkelt i grunn: […]