
Festivalens møteplass for kunstfagleg påfyll!
Frontrom presenterer ulike perspektiv på den kunstnarlege utviklingsprosessen og gir deg påfyll, innsikt, inspirasjon og informasjon. Gjennom to workshops, leitar vi etter skjulte skattar i dramatiske tekstar og tek opp jakta på den forbilledlege raider.
Alle arrangement i Frontrom er gratis, men krev påmelding.
Djupdykk i scenetekst
Workshop med Jesper Halle
Korleis finne skjulte skattar i ein dramatisk tekst eller i eit scenisk konsept?
TID
fredag 25. februar
Kl. 10.00–16.00
STAD
Cornerteateret
Prøvesal 3
Krasjkurs i teknisk rider
Workshop med Sigri Hovde
Bli med teknikarane sitt svar på Indiana Jones i jakta på den perfekte rider!
TID
laurdag 26. februar
Kl. 12.00–14.00
STAD
Cornerteateret
Prøvesal 3