Presentasjon av prosjektet Tøff i trynet…? av USB
Laurdag 20.02 kl. 13:00 i Tivoli, Cornerteateret
Gratis og opent for alle
Klasserommet er heilt mørkt. Tre skodespelarar inntek scena med kvar si lommelykt. Ein etter ein. Etter kvart som dei slår på lommelykta – kjem dei med utsagn som ungdom har sagt til kvarandre eller skrive til kvarandre på sosiale meida.
«Du er så feit at du fortjener ikke å leve»
«Jævla homo»
«Hvorfor bruker ikke du sminke? Eller vent litt, du er jo en fattig fitte som ikke har penger»
Desse fråsegna er henta frå nettsida Ask.Fm og er reelle setningar som ungdom har ytra til kvarandre.
Tøff i trynet..? er ei framsyning som tek for seg sosiale medier, mobbing og presset ungdommane kjenner på i dag. Formatet er ein talkshow-setting med tre skodespelarar i alderen 22-26 år.
Gjennom bruk av eigne erfaringar, en laidback stemning kor aktørane snakkar med dei og ikkje til dei, samt mykje humor og latterleggjering av seg sjølve både no og i tenåra, vil Unge Scenekunstnere Bergen (USB) møte ungdommane der dei er.
USB tek for seg reelle situasjoner som ungdom møter og iscenesett dei, for så å diskutere og ta stilling til dei saman med publikum, da gjennom konkrete spørsmål som til dømes «hvor mange her er misfornøyd med eget utseende?» eller «hva hadde dere gjort i denne situasjonen?». Målet er at ungdommane skal ta stilling til ulike problem, utan å nytte den berømte peikefingaren.
Framsyninga har som mål å føre med seg bevisstgjering, gode diskusjonar i klasserommet og ein lettare kvardag. USB håpar at dei kan påverke eit ungt publikum til sjølv å skape gode haldningar og finne ut kven dei vil vere ut ifrå seg sjølv og ikkje ut ifrå normar andre settfor dei.
Skodespelarane i framsyninga er Hanne Mellingen (24), Lykke Kristine Moen (26) og Christopher Cardoso (22). Alle underviser i dag ungdom anten i sang, dans eller teater og har daglig kontakt med dei. Samstundes tek dei i bruk sine gode kunstnariske ferdigheiter disiplinane i framsyninga.