ZOE av Jennifer Houthemann
Torsdag 18.02 kl. 20:00 i Kongesalen
Jennifer Dubreil Houthemann er i Bergen best kjend som dansar i Carte Blanche, men no visar den franske dansaren ei soloframsyning med tittelen ZOE; basert på 92 år gamle Zoes betraktningar om livet.
Zoe er ein unge, ein tenåring, ein ektefelle, ei mor, ei gammal kone. Når vi høyrar på minna hennar blir vi dratt attende i tid og ho lar oss bli kjend med ho.
Vi kjenner nostalgi når vi ser tilbake på livet hennar, vi startar å sjå for oss det rynka ansiktet hennar. Slik som ho ein gong var ung som oss, vil vi bli gammal som ho er. Vi går alle gjennom same spora, men det gjer oss ikkje mindre unike. Hennar historie er universell. Ho snakkar om oss. Gjennom livshistoria hennar, vil vi kjenne ei kjensle av det vanlege og det universelle. Etterkvart som vi utvikler empati for Zoe, utvikler vi empati for oss sjølv òg. Ho kan vere nokon vi kjenner, ho kan vere oss sjølv.
Jennifer kallar sitt kunstnariske virke for HIRAETH, eit walisisk ord som kan oversetjast til noko slikt som heimlengse,l med eit drypp av nostalgi og tristhet ovanfor det du saknar. Mon tru om Zoe har denne kjensla, eller om vi kjem til å få den.
Sei hei til Jennifer – Billettar – Program – Om Frontlosjefestivalen
1 svar til “JENNIFER HOUTHEMANN”
[…] JENNIFER HOUTHEMANN (HIRAETH) […]