Program for 2016 (ny festival i 2018).
KUNSTEN Å FORMIDLE KUNSTEN
Cornerteateret, 18. og 19. februar 2016.Framsyninga, konserten, komposisjonen eller kunstverket ditt er ferdig, men kva skal du skrive om verket slik at publikum kjem? Koreis skriv om arbeidet ditt?
Frontlosjefestivalen og Proscen inviterer til kurs om kommunikasjon og formidling av (scene)kunst. Om å innfri forventninger og gjere det forståeleg for publikum gjennom tekstar om kunstverket.
Dette er åpent for alle, heilt GRATIS, og enkel lunsj vil bli servert.
Hugs å melde deg på til post@frontlosjen.com!
Dette går over to dagar: dag ein er eit seminar med tre erfarne, inspirerande og kunnskapsrike innleiarar. Dag to er workshop, kor du ka ta med dine eigne prosjekt og få hjelp til å skrive om det basert på gårdagens seminar. Ei slags skrivestue altså.
Denne gjengen skal gjere deg eit par hakk klokare på torsdag:
Mari Sofie Andreassen er produsent og styremedlem i RadArt i Tromsø. Ho driv kompaniet teaterterminalen som allereie med si første framsyning, “De selektive”, klarte å nå bredt og vinne priser. Ho vil fortelje korleis dei som fersk kompani nådde ut med si framsyning.
Jørgen Knudsen er som tidlegare medlem i Baktruppen og no leiar for dansefestival Barents den drevne scenekunstnaren vi har med. Han vil fortelje om sine erfaringar innan feltet, men og kva han no som leiar for ein festival ser etter når dei programmerer.
Steve Price vil snakke om generell marknadsføring i kulturbransjen.
‘It’s not (just) what you say…’
It’s the when, where, why and how…
Steve har brukt femten år på å jobbe med design og branding. Med utdanning innan grafisk design, jobbar han for store og små klientar i både England og Norge. Han er co-host for Pecha Kucha Bergen, og liker ikkje å skrive om seg sjølv i tredjeperson.
Torsdag 18.februar – Seminar
10.00-11.00 Jørgen Knudsen: profilering fra ein erfaren kunstnars og ein kurators perspektiv
11.00-12.00 Mari Sofie Andreassen: profilering fra en ung kunstners perspektiv
12.00-12.30 Pause med kaffe og te
12.30-13.30 Steve Price: informasjon og marknadsføring i kulturbransjen
Fredag 19.februar – Workshop
10.00-13.00 Workshop med foredragsholderne tilstades. Deltakarane jobbar med eiget tekstmateriale.
____
Frontlosjefestivalen syner framsyningar frå nye aktørar innan danse- og teaterfeltet. Og skal i tillegg til å vere eit visningsrom vere eit samlingspunkt som gir rom for å auke ferdighetar. Tematikken for dette programmet speglar Frontlosjen sine kunnskapar og interesser: formidling av scenekunst er viktig for oss og vi bidra til at scenekunstnarar blir solide på kommunikasjon og formidling av sitt kunstnariske virke og uttrykk. Vi trur at det å ha reflekterte tankar rundt sitt kunstnariske verke og kunne formidle dette er alfa omega for å kunne slå gjennom som kunstnar.
Følg festivalen i sosiale media:
Brukarnamn: frontlosjen
// mjøling av eiga kake // frontlosjefestivalen er bloggen sitt eiget initiativ