BYSHEIM/SCHJELERUP

FJUGFugue – fju:g/ av Bysheim/Schjelerup

Fredag 19.02 kl. 20:00 i Søylesalen

Ein dansar. Ein kropp. Ein komponist. Musikk, lyd, ekko. Fugue – fju:g/ er ei danseframsyning som er basert på den musikalske forma fra barokken med same tittel.

Lisa Colette Bysheim var ferdig på LABAN i 2012 og etter det har ho jobba med å skape eigne danseverk. Ho er interessert i kva som oppstår i møtet mellom kunstnarar frå forskjellige bakgrunnar, erfaringar og personligheter. Derfor er denne forestillinga ein duo med dans og perkusjon. Saman med komponist og perkusjonist Fredrick Schjelderup vil dei finne ut kva som oppstår når ein blandar det tradisjonelle og det moderne. Kombinasjonen mellom dei to uttrykka blir laga ut frå same (strenge) reglar og prinsipp som fuge-musikken frå barokken.

I den skapande prosessen undersøker Bysheim og Schjelderup korleis lyd og rørsle hen saman. Korleis kan dei to komponentane i kombinasjon med kvarandre utfordre det kunstnariske uttrykket.

Lisas hovudinstrument er kroppen, og som dansar har ho fokus på korleis kroppen blir behandla, sett på og dei ulike erfaringane kroppen bærer med seg – både synlege og ikkje.

Billettar – Program – Om Frontlosjefestivalen 

Følg festivalen i sosiale media:

unnamed-3snapcode    unnamed-2  unnamed 

 

 

Brukarnamn: frontlosjen

// mjøling av eiga kake // frontlosjefestivalen er bloggen sitt eiget initiativ

3 svar til “BYSHEIM/SCHJELERUP”