
Tenk å kunne pantast
TID
Laurdag 26. februar kl. 18.30
STAD
Søylesalen
Framsyninga spelast òg desse tidspunkta:
Søndag 27. februar kl. 16.30 og 19.30
Mandag 28. februar kl. 17.00
Vi har det fint
Vi har jo det
Vi smilar og ler
Vi snakkar om kjærleik, studiar, lån og pengar
Vi snakkar om slemme sjefar, vanskelege situasjonar på jobb
Vi snakker om vêret, mat og turar
Vi har det fint
Rita Løvetannhjarte er historia om det å berre ville ha det fint. Om det å ville vere heilt som alle andre. Ei historie som på ingen måte treng å handle om nokon ting spesielt.
Men noko skjult skurrar.
Dette er også historia om det å vere lita og ville forstå, om store øyre som får med seg bruddstykke av det som skjer. Ei historie om tida der du plutseleg får plass ved vaksenbordet og får fri tilgong på nye versjonar av ditt eige ukjente liv.
Dette er historia om før og no, og frykta og håpet for kva som kjem. Ei historie om minnenes kraft i forvirrande tider og stega ein helst ikkje vil ta for å forstå verda rundt seg, og ikkje minst- seg sjølv.
Framsyninga passar for deg som liker å bli rørt av kunsten og skulle ønske du kunne pantast.
Om kunstnaren
Lina Taule Fjørtoft hadde ei arbeidsvisning av Rita Løvetannhjarte på Frontlosjefestivalen 2020. Lina er utdanna skodespelar frå Nord universitetet (Verdal) og har vore tilknytt fleire prosjekt på både Den Nationale Scene og Det Vestnorske teatret. Ho er òg aktør og initiativtakar til vandreteaterkonseptet «Eventyr i Parken»
Rulletekst
Framsyninga er eit samarbeid med Blå Kors Kompasset og eit ynskje om å belyse deira arbeid.
Idé, manus, skodespelar: Lina Taule Fjørtoft | Dramaturgi og regi: Ingrid Askvik | Musikk: Bodil Lunde Rørtveit | Lys: Jan Neal Holden | Scenografi: Jan Neal Holden | Mentor: Aslak Moe | Produsenthjelp: Syv Mil | Takk til: Frontlosjefestivalen, Blå Kors Kompasset, Thomas B. Brandt | Tidlegare medverkande under utviklinga av prosjektet: Toivo Fjose, Mathias Marstrander, Silje Sandodden Kise | Støtta av: Bergen kommune, Fritt ord, Bergesenstiftinga, Norsk kulturråd, Proscen, FFUK