
Velkommen til ei verd kor det unektelige skjer; ein trøytt kropp som held hagen i live og sakte ser hausten komme.
TID
Torsdag 24. februar
kl. 19.00
STAD
Søylesalen
Den slitne kroppen og jordnære element skapar ein rituell straum mellom liv og daud og samstundes går den tørre hagen i oppløysing rundt kunstnaren. Den seige koreografien er inspirert av kjensla klissete lim gir på huden.
Kva slags liv ser du mellom håplaushet og håp? Å sjå og la slippe, å fornekte og akseptere.
Den tørre jorda, dei døande plantane og dei mystiske lydane er eit levande bilete på det vi alle ventar på. Fornektinga som gir håp. Pusten. Livet etter. Sirkelen sluttes.
Det er kjærleik til eit langt liv.
Framsyninga passar for deg som likar å stelle i hagen og ser spenning i møtet mellom det tradisjonelle og det moderne.
Om kunstnaren
Rita Maria Munoz kjem frå Bergen, med chilenske anar. Ho er utdanna danser frå Iceland university of the arts og gardening er hennar første solo scenekunstprosjekt.
Rulletekst
Konsept, koreografi og aktør: Rita Maria Muñoz | Kunstnarisk rådgiver: Nicola Gunn | Foto: Michaela V. Gettwert | Takk til Nitharsana R. | Dedisert til: Magdalena, Panchito and abuelita Rita | Støtta av: Bergen Kommune, Bergen Dansesenter, Wrap