Ei iscenesetting av eit (skjebnebestemt?) samanbrot
Av Enkeltmannsforetaket Ole Mads Sirks Vevle
Laurdag 22. februar kl. 18.00 | 120 min | Søylesalen
[maxbutton name=»Kjøp billett»]

OM FRAMSYNINGA
Dagleg leiar i Enkeltmannsforetaket er oppteken av dei store spørsmåla: Kven er vi? Kvifor er vi her? Ete og drikke? Og kva er eigentleg kunsten si rolle? Skal kunsten vere politisk? Eller skal kunsten rykke deg ut av draumen og ta frå deg livsløgna di? Å rense sjela? KVA SJEL!?
Dette er ein ekspressiv monolog som går i strupen på eksistensielle, politiske og kunstnariske problemstillingar. Med eit teatralsk språk som er overdrevent affektert og blotta for ironi, tvingar Vevle fram svar på dei ultimate spørsmåla med ultrateatrale verkemidlar. Det eksistensielle alvoret førar til motseiande svar, kor sterke, dramatiske, tildels overdrevne kjensler kjem til uttrykk. Alt peikar mot eit samanbrot!
Katarsis definerast som ‘rensing av sjela’, og visar til den kjenslemessige utladninga ein får av å følge andre sine sterke kjensler. Dagleg Leiar lurar på om ei slik rensing i det heile er mogleg, men han insisterer likevel på å forsøke. Kan kan unngå eit samanbrot, eller er det skjebnebestemt?
Medverkande
Konsept og utøvar: Ole Mads Sirks Vevle – Kunstnerisk fødselshjelper: Marita Moe Sandven – Dramaturg: Nicola Gunn – Lysdesign/tekniker: Thomas Bruvik – Produsent: Camilla Svingen/Syv mil AS
Om kompaniet
Ole Mads Sirks Vevle var ein sentral performancekunstnar i Bergen på starten av 2000-talet. Dette er hans første monolog og sceneopptreden på 12 år, det er dette vi kan kalle come back!
Støtta av Kulturrådet. Co-produsent: BIT Teatergarasjen og Kunsthuset Wrap.