Velkommen til eit univers av konspirasjonsteoriar, tropiske tablå og forelska frosker!
Av Michaela Gettwert
Fredag 21. februar kl. 20.30 | 60 min | Kongesalen
[maxbutton name=»Kjøp billett»]

OM FRAMSYNINGA
Denne absurde framsyninga hentar inspirasjon frå lange sommarnetter på hytta i fjellet.
«Vi snakka om skremmande historiar og konspirasjonsteoriar til langt på natt og la oss med frykt for at apokalypsen kom før morgongry». Da kjem fort kjensla av fortviling og hjelpeløyse. Men kva speler det for rolle om Bush planla 9.11 eller om månelandinga aldri fann stad?
I ALL FROGS ARE GAY har lyset hovudrolla, det bærande elementet samlar konspirasjonar om alt frå Men in Black, Michael Jackson og Nibiru-katastrofa. Men du kan òg forvente å sjå på berre lyset i nokre minutt av framsyninga.
Om kompaniet
Michaela Gettwert har mastergrad i teatervitskap, med spesialisering i lyssetting i teater, ho legg legg i stor grad vekt på dei estetiske, performative og semiotiske egenskapane lys har. Ho har erfaring som regissør i Immaturus og lysdesignar for Over Engen på DNS, og dette er hennar regidebut i ei uavhengig teaterframsyning.
Medverkande
Regi: Michaela Gettwert – Dramaturgi: Vibeke Koehler – Lysdesign: Randiane Sandboe – Lyddesign: Kjartan Kjartan Magerøy Aarseth – Sminke: Sabrina Malec – Skodespelarar: Stine Revheim Svellingen, Filip Kremner Rasmussen og Aasta Valen