Seminar 2018

Årets festivalseminar tek for seg dramaturgiske verktøy og strategiar.

Balansekunst – dramaturgi som verktøy

Under Frontlosjefestivalen sett vi dramaturgi på dagsorden. Årets festivalseminar vil handle om dramaturgiske verktøy og strategiar ein kan ta i bruk for å løfte framsyninga eller sitt kunstnariske virke.

Vi håpar at ein kan gå ut av seminaret med nye refleksjonar og medvitne tankar rundt sitt eiget arbeid med dramaturgi, og ikkje minst ny giv og inspirasjon.

Seminaret blir arrangert i samarbeid med Proscen og Dramatikkens hus. 

Seminaret er opent og gratis for alle, men det krev påmelding. Lunsj vil bli servert.

OBS! Det er stor interesse for seminaret, så no er det heilt fullt. Send e-post til post@frontlosjen.com om du vil stå på venteliste. 

Program

Torsdag 22. februar kl. 10:00–14.30

1. Innføring: Kva er anvendt dramaturgi?

Om forskjellige teoriar og praksisar som ein kan bruke i arbeid med dramaturgi i dag.

Innleiar: Vera Krohn Svaleng – teatervitar frå UiO, har jobba hos mellom anna Grusomhetens Teater, Verk Produksjoner, Trøndelag Teater og Den Nationale Scene. Er idag frilans, både med egine prosjekt og som dramaturg for Dramatikkens Hus og Den Unge Scenen. Drømte om å bli koreograf, men gikk over til å arbeide med teaterregi. Bur i sjuande etasje med høgdeskrekk.

2. Korleis bruke dramaturgi i praksis

Ulike innfallsvinklar til å jobbe med tekst og framsyningar med tekstlege element. Med nærstudie/dekonstruksjon av enkeltscener frå framsyningar.

Innleiar: Elin Amundsen Grinaker – dramaturg med utdanning frå Institut for Dramaturgi på Aarhus Universitet. Ho har jobba bredt innan scenekunst, med mellom anna Lisa Lie, Martin Forsberg, Artilleriet Produksjoner og Erlend Samnøen. I tillegg til å frilanse som dramaturg, er ho medredaktør i den feministiske nettfanzina Blazer fanzine og er ein jævel på lukeparkering. 

3. Refleksjonar frå kunstnarens perspektiv
Om korleis ein kunstnar jobbar med dramaturgi for å fortelje bodskapen sin med sceniske og romlege verkemiddel, utan at det treng vere ein scenisk tekst som ligg til grunn for framsyninga.

Innleiar: Anne-Linn Akselsen – koreograf og utøvar med utdanning frå Kungliga Svenska Balettskolan i Stockholm og fra P.A.R.T.S. i Brussel. Ho jobbar no som universitetslektor i dans ved Universitetet i Stavanger.

Avslutning
Leiar ved Dramatikkens hus, Line Rosvoll, gir eit innblikk i kva Dramatikkens hus jobbar med, og korleis ein som bergenskunstnar kan nytte deira ressursar.

Fredag 23. februar

Her kan ein få få høve til individuelle samtalar med ein av innleiarane frå torsdagen. Her kan ein få 30 min møte, med rådgiving direkte knytta opp mot dramaturgi til dei enkelte prosjekta ein jobbar med. Dette må ein bestille på førehand og det er begrensa plassar. Påmelding

Tidspunkt:
Elin Grindaker: 10.00-10.30 | 10.40-11.1011.20-11.50
Vera Krohn Svaleng: 10.00-10.30 | 10.40-11.1011.20-11.50

Alle møtane er no booka, men vi kan sette deg opp på venteliste.

Om Frontlosjefestivalen – Program 2018 – Billettar

Følg festivalen i sosiale media:

unnamed-3Instagram-Logosnapcodeunnamed

Brukarnamn: frontlosjen

sponsorlogopanel

 

// mjøling av eiga kake // frontlosjefestivalen er bloggen sitt eiget initiativ