Frontlosjefestivalen 2016 viste seg å vere reine eventyret – no håpar vi å bringe suksessen vidare inn i 2018. Vi søker etter nye prosjekt som vil delta på neste Frontlosjesfestival.

Frontlosjefestivalen er ein visnings-, nettverks- og kunnskapsarena for scenekunstnarar i etableringsfasen. Anten de nettopp starta eit teaterkompani, er nyutdanna scenekunstnarar eller planlegg dykkar første produksjon – da er Frontlosjefestivalen perfekt for dykk.
Vi byr på
– Visningslokale og -rammer rundt framsyninga
– Grunnleggande teknisk utstyr og hjelp
– Generell marknadsføring
– Blest om festivalen og dei enkelte framsyningane til relevante aktørar og nettverk (t.d. Den kulturelle skulesekken og andre festivalar og programmerande teater)
– Kunstnarisk og administrativ oppfølging, viss ønskelig
De stiller med
– Ein sjølvfinansiert produksjon
– Eigne aktørar og teknikarar
Prosjektet de søker med treng ikkje vere ferdig utvikla – det vi er ute etter er den gode ideen, motivasjonen til å drive med scenekunst og det å syne gjennomføringsemne.
Frontlosjefestivalen utspel seg over ei langhelg på Cornerteateret i februar 2018, og har som krav at produksjonane som deltek passar inn i Søylesalen/Kongesalen og kan rigge inn og ut på eitt døgn.
Framsyningane blir vurdert ut frå ulike krav om profesjonalitet og kvalitet, samt om det er gjennomførbart i festivalens rammer.
Søknaden skal innehalde:
– Kven – skildring av kompani eller aktør(ar)
– Kva – kort prosjektskildring (maks éi side)
– CV – kort skildring av relevant bakgrunn frå dei medverkande (maks éi side)
– Førebels finansieringsplan
SØKNADSFRIST 10. desember 2016.
Send søknaden til post@frontlosjen.com
Har du ikkje ei ferdig prosjektskildring, men ein ide om ei framsyning og eit ønske om å delta – ta gjerne kontakt så kan vi gå i dialog om mogleg deltaking på det viset òg.
Spørsmål kan rettast til same adresse.
NB! Prosjektet er avhengig av tilstrekkeleig finansiering for at det skal kunne gjennomførast – endringar kan skje.