TID
Laurdag 26. februar
Kl. 20.00
STAD
Kongesalen
Eg er fødd 1986 på Skarnes og viste tidleg interesse for teater, film og scenekunst, noko som etter nokre omvegar leidde meg til Teaterhögskolan i Göteborg, der eg utdanna meg i 2011. Sidan har eg jobba i ti år på institusjonar, i det frie feltet og i film/tv-produksjonar. Eg kom til Bergen i 2013 og har etablert meg her med sambuar, leilegheit og to barn. Hausten 2020 vart eg frilansar og eg vil no utvikle produksjonar i landskapet teater/rørsle.
Sei litt om framsyninga som skal visast på Frontlosjefestivalen 2022
Generelt handlar Amor fati om det å akspetere seg sjølv og skjebnen sin. At ting gjekk som dei gjekk og vart som dei vart. Og at ved å IKKJE akseptera tilstanden til tinga, kan du ikkje berre øydelegga for deg sjølv, men også dei rundt deg. Spesifikt handlar AMOR FATI om Jon, ein mann i 60-åra, som får nevøen sin Karl-Fredrik på besøk for å konfrontere han med noko uoppgjort. Det set i gang ein spiral kor Jon blir nøydde til å sjå seg sjølv i eit nytt lys og stille nokre spørsmål han har halde på avstand heile livet. Eg er einaste skodespelar, men eg har med musikar Stephan Meidell på scena.
Spesifikt handlar AMOR FATI om Jon, ein mann i 60-åra, som får nevøen sin Karl-Fredrik på besøk for å konfrontere han med noko uoppgjort
Korleis vil du skildre scenekunsten din?
Eg har alltid elska «klassisk» teater; Ibsen gjort på gamlemåten med fjerde vegg og realistisk spelestil. Samtidig har eg elska dans og rørsle. Dei siste åra har eg undersøkt landskapet som ligg i skjæringspunktet mellom dei to uttrykka. Eg er overtydd om at ein kan bryta ein sosialrealistisk situasjon med ukommentert rørsle og fysisk teater, for å så landa i den sosialrealistiske situasjonen igjen. At det kan utfylle og komplettere kvarandre. Så eg freistar å fortelja like mykje med kropp og stille som med ord og tekstformidling.
Eg freistar å fortelja like mykje med kropp og stille som med ord og tekstformidling.
Kvifor ville du sette opp denne framsyninga på Frontlosjefestivalen 2022?
Som nyetablert frilansar med ei framsyning som utforskar skjæringspunktet mellom dans og teater, syntest eg Frontlosjefestivalen var ein perfekt arena å debutera på. Som dei sjølv skriv på heimesidene sine: «Frontlosjefestivalen er ein visnings-, kunnskaps- og nettverksarena for profesjonelle scenekunstnarar eller konstellasjonar som på viset sitt er i ein etableringsfase. Målgruppa for festivalen er alle i Bergen som likar (eller lurer på om dei kanskje likar) dans og teater.»
Korleis har det siste 1 ½ året med covid påverka arbeidet og scenekunsten din?
På ein absurd måte har det gitt meg ein konsentrasjon og ro rundt mitt eige arbeid sidan alt anna har stått meir eller mindre stille. Det vart mindre stress med å skaffa seg arbeid, sidan det nærast ikkje var noko arbeid å skaffe, så eg vart motivert til å kasta meg ut i mine eigne idéer med hud og hår. Seinare var eg så heldig at eg vart tilsett i Skodespelar- og danseralliansen, noko som gir meg ei (økonomisk) trygging.
Kva ser du mest fram imot under Frontlosjefestivalen 2022?
Ut over å få visa mi eiga framsyning må det vera å sjå dei andre framsyningane, møte ven, kollegaer og forhåpentlegvis nye vedkjente seg, og så vera med å feira den frie, ferske scenekunsten. Og ikkje minst at vi kan møtast utan restriksjonar!
Kva saknar du å sjå i feltet, og kunne tenkt deg å sjå på Frontlosjefestivalen 2024?
Oi, vanskeleg. Eg har to barn på 2 og 3 år, så dei siste åra har eg vore i ei travel, privat boble og har ikkje fingeren på pulsen like mykje som eg ein gong hadde, så no saknar eg berre å sjå meir teater og dans og bli oppdatert. På Frontlosjefestivalen 2024 håper eg å sjå originale kunstariske idéar med sjølvtillit, som utforskar og utfordrar kva scenekunst kan vere og korleis det opplevast. Og så håper eg sjølvsagt å sjå masse publikum og utselde framsyningar.