Kategorier
Frontlosjefestival

Kunstnarprofil: Sanghoon Lee

Vi guidar deg gjennom skattekartet og slik at du kan bli betre kjent med scenekunstnarane og framsyningane på Frontlosjefestivalen 2022.

Den neste kunstnaren ut er Sanghoon Lee og framsyninga Sometimes the directive may not work as planned

TID
Fredag 25. februar 
Kl. 18.30

STAD
Søylsesalen

Hallo. Eg heiter Sang, og er ein performancekunstner, som opphavleg kjem frå Sør-Korea, men no er inne i det fjerde året mitt i Noreg. For tida studerer eg koreografi i Oslo.

Sei litt om framsyninga som skal visast på Frontlosjefestivalen 2022 

Tittelen på prosjektet er Sometimes the directive may not work as planned, ein litt lang tittel. Det skal vere eit solo- eller duettverk som utforskar korleis det konkrete kan vere flytande eller korleis det abstrakte kan vera solid. Det handlar om språk, det handlar om å måle, og det handlar om definisjon.

Korleis vil du skildre scenekunsten din?

Korleis eg forstår kva eg gjer og korleis eg jobbar blir alltid endra. Eg trur framføring handlar om nærvær som aldri blir verande.

Om «framsyninga» mi: Når eg lagar ei framsyning, kan eg seia at det er «stykket» mitt, men det stemmer ikkje heilt. Framsyninga som skal skje på scena vil ikkje berre gjenspegle forståinga mi av verda og livet, men det er òg ein refleksjon av tilskodarane. Det er slik eg ønsker at det skal vera. Eg ønsker å vurdere meg sjølv som ein initiativtakar.

Eg trur framføring handlar om nærvær som aldri blir verande.

Kvifor ville du sette opp denne framsyninga på Frontlosjefestivalen 2022?

Eg følte meg tapt kunstnarisk og òg berre litt i livet mitt, då eg søkte på festivalen. Då tenkte eg at min fortapthet var ein god grunn til å laga noko å dela med folk.

Korleis har det siste 1 ½ året med covid påverka arbeidet og scenekunsten din? 

Eg følte meg både frustrert, men det var òg koseleg.

Kva ser du mest fram imot under Frontlosjefestivalen 2022?

Scene som møtepunkt. Forhåpentlegvis bringar festivalen liv til folk og Bergen.

Kva saknar du å sjå i feltet, og kunne tenkt deg å sjå på Frontlosjefestivalen 2024? 

Oui! For eit spørsmål. 2024 kjennest så lenge til. Først og fremst, lykke til med fortsetjinga av festivalen! Eg vil gjerne sjå gode framføringar, dårlege framføringar og merkelege framføringar. Skikkeleg gode, merkeleg framsyningar.