TID
Torsdag 24. februar
Kl. 18.00
STAD
Søylsesalen

Eg er ein scenekunstnar som likar å ta inspirasjon frå personlege opplevingar, kjensler osb og invitere publikum til å reflektere rundt «vanskelege» tema. Som dansar har eg bakgrunn i chilensk folkedans og samtidsdans, men er veldig glad i dans sånn generelt. Akkurat no er eg veldig interessert i visuell kunst og korleis eg kan bruka det i eigne prosjekt.
Sei litt om framsyninga som skal visast på Frontlosjefestivalen 2022
gardening er eit prosjekt som jobbar med døden som tema, spesifikt korleis det er å vere vitne til døden og håp/håpløsheten som «tilskodar». Publikum blir inviterte inn til ei verd, ein hage, som er på veg mot slutten sin, dei blir tilskodarar til døden som hender.
Publikum blir inviterte inn til ei verd, ein hage, som er på veg mot slutten sin, dei blir tilskodarar til døden som hender.
Korleis vil du skildre scenekunsten din?
Søkande. Personleg. Kroppsleg. Visuell.

Kvifor ville du sette opp denne framsyninga på Frontlosjefestivalen 2022?
Dette er første gang eg lagar noko som ikkje er ei rein danseframsyning og eg ønskte å eksperimentere med mine eigne forventningar og tankar rundt scenekunst. Då eg las om Frontlosjefestivalen så tenkte eg at dette kunne vera ei utruleg god moglegheit for meg å ha eit mål for å utvikle idéen, men også for å bli betre kjent i Bergen som scenekunstnar.
Korleis har det siste 1 ½ året med covid påverka arbeidet og scenekunsten din?
Vanskeleg å seie fordi eg ikkje har noko å samanlikne det med, då pandemien traff så hadde eg nettopp flytta tilbake til Bergen. Planen var å bli kjent med scenekunstmiljøet her, noko eg har gjort, men som kanskje tok meir tid pga pandemien, men eg har ikkje fått oppdrag før i 2021. Men eg har framleis jobba med eigne prosjekt og prøvd å utvikle dei.
Eg ønskte å eksperimentere med mine eigne forventningar og tankar rundt scenekunst

Kva ser du mest fram imot under Frontlosjefestivalen 2022?
Møte publikum gjennom denne framsyninga eg lagar, å kunna gi dei ei oppleving. Eg gler meg òg mykje til å sjå dei andre framsyningane som kjem til å bli vist!
Kva saknar du å sjå i feltet, og kunne tenkt deg å sjå på Frontlosjefestivalen 2024?
Eg saknar mykje, men eg har berre opplevd scenekunstfeltet korleis det har vore under pandemien, så kan hende eg saknar at det eksisterer, men ikkje har vore mogleg å finne det siste året. Eg liker å bli overraska og utfordra, så gler meg til alt nytt.