Kategorier
Frontlosjefestival

Kunstnarprofil: Lina Taule Fjørtoft

Vi guidar deg gjennom skattekartet og slik at du kan bli betre kjent med scenekunstnarane og framsyningane på Frontlosjefestivalen 2022. Festivalen er ei skattekiste med dans, teater og scenekunst, med perlar og diamantar frå både inn- og utland.

Den neste kunstnaren ut er Lina Taule Fjørtoft og framsyninga Rita Løvetannhjarte

TID
Laurdag 26. februar 
Kl. 18.00

STAD
Søylsesalen

Lina er like tøff no som ho er blitt vaksen og!

Mitt namn er Lina, eg er 28 år, kjem frå Arna, og er utdanna skodespelar og teaterprodusent frå Nord universitet i Verdal. Eg trudde lenge eg skulle studere i ein storby som Paris, eller London, men då eg hamna i vesle Verdal kjentes det heilt rett. Skulen gav med mange bein å stå på, noko eg har fått god nytte av som frilansar.  Etter Verdal gjekk turen heim til Bergen for eit lite helgeoppdrag, så balla det på seg, og no har det plutseleg gått seks år her på Vestlandet. Eg trivst veldig godt i det aktive miljøet her. Læraren min på skodespelarutdanninga sa til meg: «du kjem ikkje til å klare å vere kun skodespelar», og det hadde han rett i. Eg har alltid fleire ballar i lufta, og likar å ta del i heile prosessen som teateret er. Frå idé til ferdig framsyning. Eg likar kombinasjonen med institusjonsteater kor det er rom for fordypning, og gjerne samspel med eit større ensemble, og frilanslivet der ein er friare, og har mykje ansvar på godt og vondt.

Eg ynskjer å bringe teater ut til folket på mange ulike vis. Spele på fjellet, i det nedlagde samfunnshuset, i barnehagekroken, i publikumsfoajeen, på store scener og scener ein ikkje visste var ei scene.

Eg jobbar med base i Bergen, bur på godaste Møhlenpris, turnerar, skriv søknader til langt på natt, kan observerast månadleg springande rundt i buskar og kratt i Nygårdsparken iført diverse fargerike kreasjonar saman med vandreteaterkompaniet mitt Eventyr i Parken, og er ellers ein god del på farten.

Sei litt om framsyninga som skal visast på Frontlosjefestivalen 2022 

Vi får bli kjent med Rita som ung vaksen, gjennom tilbakeblikk prøver ho å pusle saman augeblikk frå sitt eige liv for å forstå barndommen sin på ei ny måte.

Vi får bli kjent med Rita, ho skal flytte inn i si heilt eigen leilighet og er klar for å starte livet som vaksen. Nesten alt er på plass, det er berre nokre esker med gamle minner i, som no skal sorterast og kastast. Minna gir Rita tilgong på tilbakeblikk frå sitt eige liv som ho no med vaksent blikk, kan tolke på heilt nye måtar.

Framsyninga tek for seg ynskjet om å gå vidare, å berre ha det fint, samstundes som minna og det «usnakka» dreg deg tilbake.

Kva er eigentleg sant om deg sjølv? Historia du kan hugse å ha opplevd, eller historia andre fortel om deg? Kva minne har du mista? Kva minne har du forma i ettertid? Kor forskjellig ville biografien om deg sett ut – om du skreiv den sjølv, enn om nokon andre skreiv den? Kva om historia du fortel om deg sjølv, viser seg å ikkje stemme lenger?

Rita Løvetannhjarte og hennes vener frå prøvevisninga under Frontlosjefestivalen 2020. Tru om vi får eit gjensyn med dei same venene? Foto: Jørn Lavoll

Framsyninga tek for seg ulike tema som eg trur mange kan kjenne seg igjen i. Og tema eg ynskjer skal bli meir belyst, som alkohol og rus i heimen og korleis store og små pårørande vert påverka av dette. Eg har fått snakka med terapeuter i Blå Kors kompasset som jobbar med denne tematikken og aldersgruppa 13 – 35 år. Eg har også hatt arbeidsvisning for brukarar av Blå Kors kompasset og har fått mange nyttige tilbakemeldingar frå dei. Noko av det som går igjen er skammen som følgjer denne tematikken, og at det er overraskande mange som har erfaring med dette i eigen familie, utan at det snakkast noko om. 

I min første arbeidsvisning på frontlosjefestivalen i 2020 tok eg for meg ein nokså ekstrem situasjon, der karakteren Rita budde med ei fråværande mor. No har eg fått med meg Aslak Moe som mentor, Ingrid Askvik som regissør, Bodil Lunde Rørtveit som musikar, og Jan Holden som scenograf og lysdesignar, saman forskar vi vidare i tematikken og ser nærare på gråsona, og den skjulte avhengigheta, der fasaden har mykje å seie og ein sjølv kan tvile på om det eigentleg er så gale.

Korleis vil du skildre scenekunsten din?

Eg har stor tru på teater som samfunnsbyggande og identitetsskapande.

Min scenekunst har til no for det meste bestått av produksjonar for eit yngre publikum. Dei er opne, ærlege og fullt og heilt tilstade, om dei vil. Med «Rita Løvetannhjarte» ynskjer eg å bevege meg opp i alder med hovudfokus på ungdom og unge vaksne.

Gjennom å jobbe med barn, som er så tydeleg tilstade, har eg blitt opptatt av publikumsmøtet. Eg vil få publikum til å føle seg sett og føre kunsten nær dei. Både tematisk, i form av kva stykket handlar om, men også gjennom at publikum skal føle seg sett på spelearenaen- publikum er der og eg prøver ikkje late som at dei ikkje er det. Eg synes også det er viktig å nå ut med kunsten – å fysisk dra til ulike plassar å spele, eg har stor tru på teater som samfunnsbyggande og identitetsskapande.

Min scenekunst spring ofte ut frå eit ynskje om å ta vare på og dyrke fantasien og evna til å lytte, sjå og forstå. I ei tid der spesialeffektar kan få fram det utrulegaste på scena, er det likevel ingenting som slår fantasien vår. Eg er glad i objektbruk, å forske i kva ulike objekt kan nyttast til. Eg likar også å sjå på kva historie ulike objekt plutseleg kan fortelje når du set dei i ulike settingar, som når du putter på nokre auge på ein tequilaflaske og får den til å leike med ei kaninbamse.

Kvifor ville du sette opp denne framsyninga på Frontlosjefestivalen 2022?

Rita eller Lina? Plakatdesign: Magdalena Kuna

Eg var med på frontlosjefestivalen i 2020 med ei arbeidsvisning av «Rita Løvetannhjarte», etter dette har målet vore å få vist ei endeleg versjon i 2022. Å ha Frontlosjefestivalen å jobbe fram mot har vore eit konkret mål på vegen. Noko som har vore godt å ha i søknadsarbeid og for å ha motivasjon til å sette av tid til å ferdigstille produksjonen. Det har også vore noko som eg har grua meg til, og som har vore frustrerande konkret. Under covid har arbeid med prosjektet blitt flytta hit og dit og det å då skulle halde på den faste premieredatoen har ikkje vore like enkelt. Eg som kunstnar har utvikla meg ein del sidan arbeidsvisninga i 2020. For meg har dette vore både fint og forvirrande, det eg jobba med, for to år sidan er ikkje det same eg ynskjer å få fram i dag.

Korleis har det siste 1 ½ året med covid påverka arbeidet og scenekunsten din? 

Eg er typen som girar opp, køyrer på og som fort må passe på å ikkje ta heilt av.

Covid har vore utfordrande med tanke på forutsigbarheit, i eit allereie uforutsigbart tilvære som sjølvstendig næringsdrivande. Det har også fått meg til å reflektere over yrket mitt, og min vidare framtid som scenekunstnar. Eg må innrømme at det for meg har vore litt godt at fleire no har fått kjennskap til heimekontor, og livet med ein uforutsigbar kvardag – her føler eg fleire no kan relatere seg til korleis ein frilans kvardag er til vanleg. På trass av covid har den siste tida likevel vore min mest produktive tid som frilansar. Eg har fått utvikla fleire produksjonar og jobba masse. Det viste seg fort at mitt enkle og tilpassingsdyktige format passa godt inn i ei slik tid. Eg har m.a. gjesta Teatret Vårt med produksjonen min «Hit eit steg», og kompaniet mitt «Eventyr i Parken» som driv med utandørs vandreteater fekk ein stor pågang av oppdrag. Det er mange ulike måtar å takle ein slik situasjon på. Nokon girar ned og ser ting ann, eg er typen som girar opp, køyrer på og som fort må passe på å ikkje ta heilt av!

Kva ser du mest fram imot under Frontlosjefestivalen 2022?

Eg ser fram til å sjå dei andre sine produksjonar, vere sosial og bli kjend med nye folk. Så ser eg fram til å få ferdigstilt produksjonen min og sjå kva det endar opp med å bli. Det er ein produksjon eg har hatt i tankane i mange år, og som det no skal bli godt å lande, sjølv om eg er nervøs og spent på kva resultatet blir. Så håpar eg vi klarar å få god festivalstemnig til trass for covid. Pinjataen er sjølvsagt også eit høgdepunkt.

Eventyr eller slosskamp i parken? Foto: Michaela Gettwert

Kva saknar du å sjå i feltet, og kunne tenkt deg å sjå på Frontlosjefestivalen 2024? 

Eg ynskjer å sjå ei skikkeleg god maskeframsyning – kan hende vert det noko eg lagar sjølv? Rita Løvetannhjarte skulle i utgangspunktet vere det, men så tok det ei heilt anna retning.

Eg håpar også at miljøet i Bergen vil samarbeide godt framover, kanskje dei ulike miljøa kan dra endå meir nytte av kvarandre? Gjennom Toivo Fjose og Mathias Marstrander, som var med som musikarar i forprosjektfasen, har eg fått eit lite innblikk i det rike musikkmiljøet som finnes, å kombinere fleire unge lovande Bergens musikarar med teater hadde vore kult. 

Noko poilitisk bufonesk som kan stikke litt hadde også vore kult.

Ellers heiar eg på opne dørar, lav terskel for å dele idear, og fleire samarbeid mellom dei etablerte instutisjonane og frilansarane, vi har så mange dyktige folk på Vestlandet som eg håpar kan få masse å gjere framover.