Under Frontlosjefestivalen 2018 vil dansekompaniet Grov Productions presentere ei arbeidsvising, eller eit uferdig objekt (#UFO), av produksjonen Her past in their present now. Vi har snakka med dansekunstnar Brita Grov om bakgrunnen hennar og kva vi kan vente oss når UFOen til kompaniet landar Cornerteateret fredag 23. februar.
Etter å ha vore ute i den store verda, kva gjer at du ønsker å ta med deg kompetansen din attende til Vestlandet?
Eg er jo født og oppvokst på Vestlandet og etter å ha fått litt meir erfaring, føler eg meg meir komfortabel til å utforske uttrykksformane mine i heimlandet mitt.

Kva kan publikum vente å sjå under Frontlosjefestivalen?
Dei kan vente å sjå mykje pusting frå 5 kvinner med ulike etniske bakgrunner og fysikk.
Når blir premieren på det ferdige verket?
Frontlosjefestivalen i 2020? Kanskje før?
Derfor har vi Grov Productions på plakaten
Brita Grov har vist talent og engasjement som koreograf for ESC ungdomskompani her i Bergen. Vi tykkjer det er modig at ho brukar sin eigen kropp og historie som utgangspunkt fram framsyninga si. Ved å ta med fem dansarar frå London på scena, gir ho festivalen eit internasjonalt tilsnitt, og i håpar at Brita vil slå fleire røtter som dansar i Bergen i åra framover.
Vi syner Her past in their present now i Søylesalen på Cornerteateret fredag 23. februar kl. 18.30.
-Ingrid og Ragnhild
Om Frontlosjefestivalen – Program 2018 – Billettar
Følg festivalen i sosiale media:
Brukarnamn: frontlosjen
// mjøling av eiga kake // frontlosjefestivalen er bloggen sitt eiget initiativ