Kategorier
Frå fotoarkivet

Frå fotoarkivet – bev.form.-helvete

Her ser de oss uttrykke kva vi syntast om bev.form. eksamen, med ein pop-ironisk uttrykksform.

Ein kvar vidaregåandeelev sitt store mareritt er munnleg eksamen (ja, la oss seie det i dette tilfellet). Kjem eg opp i norsk, historie eller religion? – den eine verre enn den andre. For ein dramaelev er det største marerittet å komme opp i bevegelsesforming (berre smak på ordet – grøss). Dette var det tre elevar i klassa vår som hadde lite lyst til – Ingrid, Ragnhild og ein som heitte Simen. Sjølvsagt kom vi opp i bev.form – saman med Simen. Vi hata det frå første stund, og ser attende på dei tre dagane i juni for seks år sidan med frysningar nedover ryggen. Om nokre år kan vi sikkert le av det, men vi treng nok litt meir tid på å fortrenge det først.

Her ser de oss uttrykke kva vi syntast om bev.form. eksamen, med ein pop-ironisk uttrykksform.

– Ragnhild og Ingrid