UTROP – Frontlosjens unge lovande
Vi søkjer ferske scenekunstnarar til festival vinteren 2016. Har du lyst til å vere med? Søk, da vel!
På Cornerteateret 18.–20. februar 2016 samlar Frontlosjen eit knippe framsyningar frå unge lovande som ønskjer å etablere seg i som scenekunstnarar. Anten du sitt med ideen til din aller fyrste produksjon eller de er eit nyoppstarta kompani som søker ein visningskontekst kor du kan bli lagt merke til. Vi inviterer dykk til å søke om å bli ein del av ein festival skapt for å gje eit løft til underskogen i scenekunst-Bergen.
Som ein del av festivalen finansierer du ditt eige prosjekt, medan vi kan tilby alle aktørar gratis visningslokale og teknikk, generell marknadsføring og gjennomføringsrammar. Alle deltakarar får òg tilbod om å vere med på ein workshop og attendemeldingar for kvart prosjekt frå profesjonelle i scenekunstfeltet.
Frontlosjens unge lovande passar for alle som har lyst til å satse på scenekunsten – anten du er 20 år eller 60. Ved å samle fleire framsyningar til ei helg ender vi opp med ein triveleg og nyttig kontekst der vi kan vokse, syne oss fram og feire ung scenekunst. Når ein samlar kompani i same situasjon, kan ein dele både publikum og erfaringar. Og med grundige attendemeldingar har ein moglegheit til å vokse til neste prosjekt. Å vere ein del av ein slik visningskontekst vil dessutan spare scenekunstnaren for både utgiftar og praktisk arbeid. Saman står vi sterkare!
Søknaden skal innehalde
- Kven – skildring av kompani eller aktør(ar)
- Kva – kort prosjektskildring (maks éi side). Prosjektet treng ikkje vere ferdig utvikla, det handlar like mykje om den gode ideen, motivasjon og å syne gjennomføringsemne
- Førebels finansieringsplan
- CV – kort skildring av relevant bakgrunn frå dei medverkande
SØKNADSFRIST 15. Mars 2015
Søknad sendast til post (at) frontlosjen.com.
Spørsmål kan rettast til same adresse.
NB! Prosjektet er avhengig av tilstrekkeleig finansiering for at det skal kunne gjennomførast – endringar kan forekomme.