Kategorier
Dannelsesreie Festival

Reisebrev frå Toronto

Vi oppsummerer vår dannelsesreie til lønnesirupens mekka!

Å få nye impulsar er viktig, slik at vi får opp auga for anna type scenekunst enn det samme gamle som i Bergen. Derfor reiste vi til lønnesirupens mekka og teaterfestivalen Summerworks i Toronto på seinsommeren. Det såg ganske kort oppsummert slik ut som i biletet under. Men les du vidare, gir vi deg ei litt lengre oppsummering.

Frontlosjen Ingrid Saltvik Faanes Ragnhild Gjefsen

Kø til forestilling. Vi satsar på same tendensar til #losjefest18

Å vere på teaterfestival er ikkje noko for slappfisker, dette vart eit maraton på 18 framsyningar fordelt på seks dager. På den tida fekk vi høve til å reflektere over tendensar i canadisk scenekunst og skilnadane frå her heime. La oss fortelje litt om det.

TEKST TEKST TEKST

Dei er glad i mykje tekst, amerikanarane. Denne tendensen gjekk att da Ingrid var i USA på barneteater-showcase i vinter òg. Ein god tekst kan vere eit bra utgangspunkt for ei framsyning, men nokre gonger kan teksten ta overhand. Det blir meir ei øving tekstframføring, medan andre performative verkemiddel forsvinn, blir undervurdert eller neglisjert. Det er akkurat som dei ikkje stoler på at dei kan formidle bodskapen sin med noko anna enn tekst. Eller redd for at tolkingar kan føre til misforståingar. Misforstå oss rett, vi seier aldri nei takk til tekst om den er god (og ikkje for lang).

DSC_1284

Are we not horses, denne var så populær at dei måtte sette opp ekstra framsyning. Men falt dessverre under kategorien ymse tekst. Eller generelt ymse kvalitet. 

Indigenous

Temaet som gikk att oftast på dei framsyningane vi såg var ein variant av tematikken indigenous people. Er det politisk korrekt av oss å kalle det urinvånarar på norsk? Canadierne har starta den lange reisa i å anerkjenne kor stor urett dei har gjort folket som budde der først. Det er både framsyningar frå urinvånarane sine perspektiv og «dei kvite» sitt persepektiv.  Og det er absolutt på sin plass! Burde den norske scenekunsten i større grad ta opp tema kring vår eiga undertrykking av andre folkegrupper i eiget land?

Skodespelararbeid

Summerworks er ein festival for aktørar og grupper som enno ikkje er etablert, i likskap med vår eigen Frontlosjefestivalen. Likevel opplevde vi påfallande mykje dårleg skodespel, mykje på amatørnivå. Det er litt rart når resten av produksjonen verkar å ha ei profesjonell hand over seg. Det er ikkje det at vi meiner at alle aktørar på scenen skal vere klassisk skolerte for å få til noko bra, men det fell heilt igjennom når dei på død og liv skal lage klassisk teater. Scenekunst er så mykje meir enn det! Vil dei skape morgondagens teater, burde dei finne inspirasjonen sin andre stadar.

Ymse dramaturgi

Dette har vi allereie frustrert oss over.

DSC_1283

Pearle Harbour’s Chatauqua vant publikumsprisen under festivalen. Ikkje utan grunn, den hadde god skodespelar, god dramaturgi og god stemning. Kan nokon please syte for at denne framsyninga kjem til Noreg? Vi, kanskje?

Andre ting som skjedde: 

Vi traff denne glade gjengen frå YVA; Maren, Sturla og Miriam. Vi fekk sjå deira work in progress-visning av The first time i saw the sea, som har premiere hjå oss i februar.IMG_20170808_234309_624

Vi hadde eit raskt besøk på Buddies in bad times theatre – «Toronto’s leading destination for alternative theatre and a world leader in developing queer voices and stories for the stage». Og fant raskt ut at vi kåra det til årets teaternamn.

DSC_1329.JPG

Turisme måtte til. Vi drog og såg på ein foss og så prøvde oss på casino. Fossen vant lett!

DSC_1323

 #vikanturisme #vikanselfies

– Helsing onkel reisande Ragnhild og Ingrid

PS! Vi gløymte å ete lønnesirup. Og poutine.

//subsidiert mjøl i posen // studieturen til summerworks vart gjort som forarbeid til frontlosjefestivalen 2018, og er støtta av bergen kommune. bloggen står uavhengig

Legg igjen en kommentar