Da den vanlege mannen i gata for to år sidan gjorde noko så ekstremt som å sjå tre forestillingar på Oktoberdans, vart han fort avhenging av kunstformen. No har han funne nye tiltak for å både takle og kamuflere avhengigheita. Forholdet til familie og vener har endra seg drastisk. Samtidsdansen har blitt som ein rus for han.
– Da eg såg danseforestillingane under Oktoberdans for to år sidan, var det som det gikk eit ras gjennom meg. Det er dette som er meininga med livet, tenkte eg. Dette fortel mannen til Frontlosjen da vi møttast i den same tilfeldige gata i Bergen som førre gang, og denne gongen risikerer han enda meir om identiteten hans blir avsløyrt.
Sidan 2014 har han brukt både tid og pengar på å oppsøke samtidsdansen, og han kan krysse av fleire dansefestivaler på «bucketlista». I frykt for at dama hans skal snoke i bankutskrifter, fortel han at han ofte betaler billettar i cash for å vere på den sikre sida.
Når vi byrjer å prate om kva type dans han liker, fortel han at han med iver om forestillinger som ikkje har så mange andre forstyrrende element i seg (som film, tale, eller alt for mange sceneelement). Heldigvis har det vore ein trend dei siste åra med eit minimalistisk uttrykk.
Sjokkert over nakenhet
Eit stort sjokk vart det for mannen da han oppdaga kor mykje nakenheit det er i samtidsdansen.
– Eg har jo sett dama mi naken, men ho slår fort av lyset på soverommet. Det var litt ubehagelig da eg første gong fekk slengt pung i trynet. Men eg har lært å sette pris på nakenheita: det gir eit ærleg og bokstaveleg talt nakent språk til kunstformen som ein ikkje kan uttrykke med kleda på.
Mannen fortel at han har prøvd fleire tiltak for å takle avhengigheita. Han kler seg ofte naken sjølv, særleg viss det er lenge sidan han har sett ei forestilling. Han ligg ofte i senga når han er heime åleine og prøver ut positurar han har sett i forestillingar. Slik hentar han fram minne frå både Mette Ingvartsen og Mia Habib sine forestillingar.
– Dette gjer at eg kjem nærmare kunsten og at abstinensane ikkje blir så sterke, seier han.
Pokémon go var redninga
For familien må han stadig finne på nye grunnar for kva han liksom gjer når han eigentleg skal sjå samtidsdans. Dama mi tykkjer det har blitt vel mykje «fifa-speling» med kameratane mine. Men sanninga er at han ikkje har spelt Fifa på over to år. For familie og venner måtte han finne eit truverdig skalkeskjul. Heldigvis kom redningen tidlegare i sommer: Pokémon go.
– Først lasta eg berre ned appen berre lata eg som eg spelte – at eg hadde blitt avhengig og liksom sa at eg skulle ut og jakte pokémons. Men så starta folk å spørje kva level eg var på og sånn, så da måtte eg faktisk spele det òg. Så no er eg på ein måte avhengig av det i tillegg.
Kva forestillingar skal du sjå under årets Oktoberdans?
– Det tør eg framleis ikkje seie offentleg.
– Ingrid