Kategorier
Festival

Mann (27) vurderer å sjå tre framsyningar på Oktoberdans

OKTOBERDANS: Les det eksklusive intervjuet med mannen. Berre på Frontlosjen!

Når den tiande versjonen av Oktoberdans startar på torsdag, er dei fleste blant publikum overivrige teatervitarstudentar, kulturtanter som skal prøve å finne seg sjølv på nytt gjennom kunsten og andre over gjennomsnittet kulturinteresserte dilletantar. Frontlosjen har vore så heldige å komme i kontakt med ein heilt vanleg mann i gata som skal gå på dansefestivalen. Mannen, som ønskar å vere anonym med tanke på vener og familie, skal i alle fall sjå to framsyningar under årets dansefestival arrangert av BIT-teatergarasjen – han vurderer til og med ei tredje.

DSC03176

– Dette blir i såfall rekord for meg! Seier mannen, i det vi møtast på ei tilfeldig utvald gate i Bergen.
– Under Oktoberdans for to år sidan såg eg heile to framsyningar, og eg tenkte at det faktisk kan vere mogleg å sjå tre òg, om eg planlegg litt og førebur meg godt. Eg gjer dette berre på fritida, og har allereie sete i fleire timar for å få kabalen til å gå opp. Eg har måtte «killed som darlings» på vegen, mellom anna skippar eg  den vekentlege fifa-turneringa med «gutta» for å få med meg dette, dei trur eg skal heim for å sjå til den sjuke bestemora mi.

Korleis har du førebudd deg på dette?

– Eg har sett videoar av Pina Bausch og Martha Graham på youtube. Ein ven av meg i miljøet tipsa meg om Meg Stuart òg. Eg vart ganske sjokka kan eg seie, så eg har teke kurs i mindfulness for å førebu meg maksimalt. Det er ein ganske vital forskjell på to og tre framsyningar, og det kjem heilt an på dagsform, psyke og oppladning om eg greier dette. Men to framsyningar blir det heilt sikkert!

Korleis skal du legge opp dagane dine?

– Eg må komme rett frå jobb, så eg har med meg godt med mat på termos og eit teppe. Eg reknar med at eg får litt ondt i rumpa etter så mange forestillingar. Men sidan eg klarte to i fjor, veit eg kva eg går til. Eg er ganske klar for å klare dette! Enkelte vil kanskje seie dette er litt ekstremt, kvifor ikkje berre hoppe i fallskjerm eller dra på antilopejakt i Afrika i det minste – nei det er ikkje noko for meg, eg likar å utfordre meg sjølv på utradisjonelle måtar!

Kva framsyningar skal du sjå?

– Det tør eg ikkje seie offentleg.

DSC03178

DSC03179

Om du har høyrt om nokon som skal sjå enda fleire framsyningar enn tre (ekstremt) på Oktoberdans, tips oss gjerne. Kanskje det blir rekord i år?

– Ingrid