Hausten 2014 er festivaltid for Frontlosjen. Ingrid er for tida utsendt på Bastard i Trondheim, og det er berre ein månad att til Oktoberdans 2014 (hjartebornet til Ragnhild denne hausten).
I tillegg til dette må vi jo følgje trenden, og reiser derfor på ein festival av det meir perifere slaget. Og no kan vi vere stolte av å annonsere:
Frontlosjen er festivalbloggarar på:
Og som den veletablerte bedrifta vi er, har vi sjølvklart skaffa oss ei prosjektstilling for å dekke festivalen i Dale på best mogleg vis. Og no kan vi vere stolte av å introdusere:
Tina Engedal som festivalblogger!
Saman med det faste crewet i Frontlosjen skal Tina dekke alt som skjer av teaterrelatert aktivitet i Fjaler kommune. Tina er produsent for festivalen, og vart valgt ut på bakrunn av den spesialekspertisa ho sitt inne med.
Vi møtte Tina på kafé i Bergen to veker før festivalstart – før ho forsvinn til Sunnfjord «for godt». Sidan ho reiser ut villmarka i forkant av oss litt meir drevne bloggarar, utrustar vi ho med ei vassekte festivaloverlevingsutstyrpakke – lekkert pakka inn i ein plastpose for å tole turen.
Med seg får ho alt som skal til for å kome seg igjennom ei veke med periferifestival, men kva som er oppi finn ho ikkje ut før ho er vel framme i Fjaler…
Kva trur du skjuler seg i survivalkitet? Følg med på bloggen for å finne det ut!
Vi seier «Hade Tina, og lukke til!»
Fakta om Teaterfestivalen i Fjaler
- Festivalen arrangerast i Dale i Fjaler, for andre året på rad (25. – 28. september)
- Årets tema er «skog».
- Dale har korkje teater eller hotell, men med stor dugnadsvilje kan bygda ta imot 12 framsyningar og publikum
- Nokre av framsyningane på årets festival er Haugtussa, KAZAK:kazak, Skogsunderholdning og Kjærleikens ferjereiser
- Tina er produsent!
- Besøk festivalens heimeside på teaterfestivalenifjaler.no
– Ragnhild (og Tina!)