I dag har vi vore på spesialbestilt ønskekonsert i hagen til Miriam og Torkil. Ein konsert tilpassa barn, vaksne, eit knippe høner og ein kanin. Åpninger gav konserten Orgelet er en forlengelse av våre og Teigens lunger, med eit innslag frå Alle angrer.
Konserten starta med ein moll-stemt versjon av La det swinge, og tok oss gjennom fleire Jahn Teigen-klassikarar i ny drakt. Miriam baud på kanelsnurrar og kaffi og ungane bad oss passe på kaninen medan dei rigga til salen.
Oppmøtet var så godt at Ragnhild fekk ståplass i lag med hønene.
Tusen takk til vertinne Astrid og artistane for framifrå oppleving mellom frukost og lunsj!
– Ingrid og Ragnhild
PS. Dette kan alle i Dale oppleve, Åpninger er opne for booking.
// mjøling av andre si kake // frontlosjen er offisielle festivalbloggarar under teaterfestivalen i fjaler