Teater i ein privat heim. Det er sånt ein høyrer om, men vi har aldri fått oppleve det sjølv – før no. Under Teaterfestivalen i Fjaler vart nemleg Sonen av Jon Fosse iscenesett i stova til Tone Solheim, og Frontlosjen hadde sjølvklart sikra seg billett.
Ferda for å kome seg til den alternative scena starta med at vi vart geleida i retning brua i Dale sentrum. Dei to fyrste sekunda trudde vi det var snakk om denne brua:

Men det var det heldig vis ikkje – vi skulle berre ut på ein fem minutters gåtur, lett som ein plett! Sånn reint bortsett frå at det hagla tett heile vegen, da.
Vel framme ved det aktuelle huset vart vi geleida inn i ein heilt vanleg gang. Vi tok av oss skorne som ein ofte gjer når ein skal på besøk til folk, og hang regnjakkene til tørk på badet.
Så fann vi vegen til stova, der stolar og sofaar var stua saman til eit slags lite amfi (vi fekk lov til å sitte på golvet, og fekk straks barnetv-feeling). Det var vegg-til-vegg-teppe på golvet, som var gunstig både for kalde føter og akustikk (i den forstand at vi slapp lyden av stolbein som skrapa og knaka og forstyrra).
Foran oss hadde vi no ei lita intim kammerscene, heilt tett på og veldig fellesatmosfærisk. Det heile var faktisk så daglegdags og jovialt at folk brukte litt tid på å forstå at dei skulle slutte å snakke da skodespelarane kom på scena, med musikk og det heile.
Under framsyninga satt vi så tett på aktørane at vi kunne strekke ut handa å ta på dei om vi ville. Dei tok i bruk både kjøken og gang for å gjere sine entrear, og sneik seg forbi oss tilskodarar som vi ikkje var der (slik ein ofte gjer i teateret).

Etter framsyninga var ferdig, tok det tid for nokon faktisk reiste seg for å gå ut at: vi hadde jo hatt eit så triveleg besøk, skulle det liksom berre slutte så brått? Men etter kvart tusla vi motvillige ut att frå stova, og venta høfleg medan gjestane fann fram til jakkar og sko i tur og orden.

Noko av det beste med festivallivet er at det gir rom for slike alternative spelestadar, der jakta på og opplevinga av spelestaden er mest like spennande som framsyninga sjølv.
Denne typen opplevingar vil vi gjerne ha meir av.
– Ragnhild