Allereie etter første aktivitet på Teaterfestivalen i Fjaler – frukost – er vi imponerte! I eit gammalt fjøs (?) kalla Løa åt vi den koselegaste og beste festivalfrukosten nokon sinne. Sjølv var vi for feige til å prøve gammalosten (Ingrid har lært at det skal ein ete med honning eller rømme og tyttebærsyltetøy, men det fantast ikkje på bordet), men sild og morrpølse og egg og ikkje minst ferske heimebaka brød er deilig å starte dagen med.
Og på kjøkkenet står ein mann og ei dame og får det heile til å bli tidanes frukost: Ana og Luis er frivillige på festivalen og har blitt oppkledd i fine frivillig-t-skjorter. Sjølv kjem dei helholdsvis frå Slovenia og Spania og er imponert over kor mykje alle i bygda trår til for å få til festival – dugnadsanden som vi kallar det på norsk. Og kva er vel festival utan frivillige?