«Er den daud? Ka e det for noko? – det er bæsj? ÆÆÆÆsj, sjå der, sjå på han, den beveger på seg, den er ikkje daud!!!» ropar ungane om sauen som ligg på slakterbenken. Det var lett å forveksle Ingvild Holms performance «Er den daud» med lammeslakting – i alle fall ut frå tittelen. Og lammeslakting har jo noko performativt over seg, i tillegg til at det er litt ekkelt og fascinerande på same tid, skal ein tru ungane som såg på.
Ingvild Holms versjon av Er den daud? tykte vi var ei underleg tittel på ei framsyning. Men sidan vi har tråkka oppe på universitetshøgda i Bergen, noko som Ingvild Holm òg gjorde på 1980-talet, forstod vi at det måtte være ein teatervitskapeleg metafor og noko som oppsummerer Ingvild Holms lange kunstnerskap. Men vi kunne ikkje heilt fri oss fra å tolke tittelen bokstaveleg.
Ein ting skal i alle fall vere sikkert: vi trur aldri vi kjem til å sjå lammeslakting på ein teaterfestival igjen.
– Er det dette som er Ingvild Holms performance? Nei den startar jo ikkje før om ein liten time.
– Ingvild Holm i sitt kunstnerskap
– Kom og kjøp kunstnerskap i biter!
Professor Knut Ove Arntzen kjøper ein signert
Ps: Høyr podcasten med Ingvild Holm her:
– Anna og Ingrid