Barneteater med få vaksne i publikum er alltid det beste. Da er det enklare å sjå framsyninga på den eigentlege målgruppa sine premiss.
Under Teaterfestivalen i Fjaler fekk vi lov til å følge med når skuleklassar besøkte Mørkemodig og Ønskedrøm i regi av Den kulturelle skulesekken. Dei var ein del av Teaterdagane, kor temaet var improvisasjon og publikumsdeltaking.
Inne i Fjalerhallen måtte vi henge frå oss våre jakker og sko i blant nesten 40 skulesekkar i garderoben før vi fekk kome inn i scenerommet. Dette var fordi vi ikkje skulle sitte stille i salen, men vandre rundt i scenerommet med lyd på øyret. Vi vart delt inn i tre lag (go team gul!) og følgte fortellinga med ulike instruksar undervegs.
Foto: David Zadig
Scenerommet i Mørkemodig var heilt magisk, og vi kosa oss minst like mykje som ungane. Tenk om vi hadde fått sjå så bra teater da vi var små! Ungane i Fjaler er jammen heldige.
Foto: David Zadig
Etter å ha gått rundt i vår eiga lille verd og vore vitne til kor skummelt det kan vere å vere mørkeredd, gjekk turen vidare til Trudvang og Ønskedrøm. Også her var ungane i publikum aktive i framsyninga, men på ein ganske annan måte.
På små lappar skreiv aktørane frå Det andre teateret ned draumane til ungar i salen. Desse vart hengt opp på eit tre og henta ned ein etter ein da framsyninga starta. Slik fekk vi i publikum sjå eigne og andre sine framtidsdraumar realisere seg gjennom improviserte scener. Vi vart tatt med til verdas kulaste dyrebutikk og fekk sjå korleis ein kunne grille pølsar ganske enkelt når den store draumen er å sprute eld frå rumpa.
Det andre teateret hadde og open visning med Lekene slår tilbake, kor publikum kunne ta med seg leiker som vart ein del av framsyninga. Aktørane var flinke til å spele for målgruppa si og ta i mot alle kommentarar og forslag frå salen. Fleire av ungane fekk òg sine 15 sekund i rampeljoset. Impro for barn funkar!
De kan høyre Losjecast med Det andre teateret her.
Alle skal med når det er festival i Fjaler, og både barn og vaksne fylte Dale sentrum under årets Familiedag.
Det var mellom anna mogleg å byte leikar på bærekraftig vis.
– Ingrid og Ragnhild
Mørkemodig av Katma. Manus/konsept/regi: Katrine Strøm, Scenografi/kostyme: Ingunn Sønsteby, Komponist: Christine Sandtorv, Lyddesign: Alexander Rydland Hansen, Ljosdesign: Thomas Bendiksen . Medverkande: Maria H. Nygård/Åsne Storli, Caisa Strømmen Røstad, Ingeborg Karoline Spjelkavik Rød. Produsert i samarbeid med Figurteatret i Nordland og Festspillene i Nord- Norge.
Ønskedrøm produsert av Det Andre Teateret. Regi: Nils Petter Mørland, Medverkande: Henrik Stolz Vernegg, Marit O. Thingelstad og Ingvild Haugstad. Lys: Silje Underhaug Fosseli, Scenografi: Mirjam Veske, Kostyme: Cathrine Schermann.
Lekene slår tilbake produsert av Det Andre Teatret. Medverkande: Ingvild Haugstad Gundersen, Kristin Jess Rodin, Stian Gulli og Henrik Stoltz Vernegg.
// mjøling av andre si kake // frontlosjen er offisielle festivalbloggarar under teaterfestivalen i fjaler