Da eg var på dannelsesreise i hovudstaden i helga, tilbrakte eg ein dag på Nasjonalbiblioteket for å gjere research til masteroppgåva mi. Men ein kan jo ikkje berre vere opptatt av utdanninga si – eg prøver jo å få med meg kva som rører seg i motebiletet òg.
Denne gongen såg eg nokre utruleg stilige posar, eller bærenett som vi seier her i Bergen, i eit blankt plastmateriale. Dei er lette å ta med seg, og det er umogleg å rote bort nyklane sine – for du ser jo alt som er oppi!
Seriøst alle på biblioteket hadde dei, så eg tok med eit par attende til vestlande for å teste korleis dei slår an her. Fine, ikkje sant?




Blanke bærenett er kjempekule, og har faktisk alt vore på marknaden ei stund. Dersom ikkje har høve til å stikke innom Nasjonalbiblioteket med det fyrste, finst det mange kule alternativ. Her er ein liten collage til inspirasjon:

– Ragnhild
1 svar til “Fashion”
[…] hugsar kanskje motereportasjen frå hovudstaden Ragnhild hadde ei stund attende? Vel – ho er ikkje den einaste som var […]