Kategorier
Livsstil Test

TEST: Er du ein teaternerd?

93% av alle nordmenn svarer FEIL på denne testen. Klarer DU den?

Er du blant dei hippaste kulturtantene ein finn på obskure scenekustarrangement, eller er du typen som er tilfreds med å sjå Nøtteknekkaren ein gong i skotåret?
Finn ut i kva grad du er ein teaternerd – ta testen no!

IMG_3138

Kor teaternerd er du eigentleg?

1. Kva er ein kulisse?
2. Ronja Røvardotter speles i nynorsk drakt på DNS. Kva gjer du?
3. Kva årstal tyder mest for deg?
4. Du får to billettar til ei Baktruppen-framsyning, kven tar du med deg?
5. Kven er dette?

6. Korfor er Henrik Ibsen framleis populær i dag?
7. Bokken Lasson skipa…
8. Kva tykkjer du om modernisering av klassikarar?
9. Du hamnar ved sidan av ein teatervitskapsstudent på vorspiel. Kva snakkar du om?
10. Kva godteri eignar seg best på teaterframsyning?
11. Kva spelestil likar du best?
12. Du skal på teater med ei venninne, men ho dukkar ikkje opp. Kva gjer du?

Poengrekning_er du ein teaternerd

Svar

3 – 15 poeng: Lukkeleg uvitande

Du har det sikkert veldig bra! Sett noko spennande på kino i det siste? Berre ta livet med ro du, len deg attende og ta ein øl. Eller – ikke øl i sådan stund, gi meg fløyten! Mål: Ikkje stikk hol på livsløgna, det blir kan hende for mykje for deg.

16 – 34 poeng: Dillettant

Jaja. Om du har rota deg ned i ei pretensiøs myr eller om du faktisk er godt på veg i riktig retning, er vanskeleg for oss å seie – men vi satsar på det siste! Hald fram det gode arbeidet med å lese deg opp på obskur teaterteori og pugg nokre fleire funfacts om fordums stjerneskodespelarar, så skal du sjå at det blir folk (nok) av deg òg! Mål: Få med deg framsyningar frå det frie og semiinstitusjonelle feltet så vel som på institusjonsteatret for å få meir breidde i livet.

35 – 43 poeng: Kul

Gratulerer! Du er ein teaternerd!
Du har oppnådd alt du treng her i livet, og kan lene deg attende å nyte eit glas raudvin (alternativt Fritz-Cola). Ser deg på neste framsyning! Mål: få eit eiget festtidsskrift før du fyller 80.

DSC00546

– Ragnhild og Ingrid