TENK TEATER

I forlengelse av at teatervitskap ved Universitetet i Oslo dessverre blir lagt ned, arrangerte fagutvalet ved samme universitet eit teaterteoretisk seminar på Black Box teater. Ein fin anledning til å besøke Oslo, tenkte Ingrid.

På dagsorden var to paneldebattar:

  • Publikumsrelasjoner i samtidens teater – om etikk og estetikk.
  • Tverrestetisk praksis – regel eller unntak?

Og ein fagleg samtale:

  • Ulike skuespillermetoder – ulike menneskesyn?

Den første debatten vart det snakka om kva rolle publikum har i samtida sitt teater. Knut Ove Arntzen held eitt innlegg om publikum sin rolle i det moderne teatret. Vidare presenterer Goksøyr&Martens nokre av prosjekta sine om dokumentarteater. Ein av forestillingane som blir diskutert er Church service, som var lagt opp som ei gudsteneste og publikum var deltakende som ein del av menigheten som tente lys og sang salmer. Goksøyr&Martens seier at dei ikkje fjerner den fjerde veggen, men at dei plasserer den bak publikum. Spørsmål som dukka opp her er kva rolle har publikum i slikt teater? Når er publikum deltakande og kva ansvar har publikum ovanfor å drive handlinga framover?

Om dette tenkar eg har det har noko fiksjonskontrakten å gjere. Kor går grensa for fiksjon i dokuteater, er det ein fiksjon i det heile? Kva skjer om ein bryt fiksjonskontrakten i dokuteatret? Kva skjer om publikum tenkter «nei dette var dårleg, eg går»? Kan seie at debatten ga fleire spørsmål enn svar.

Publikumsrelasjonar i teatret, frå venstre: Knut Ove Arntzen (professor i teatervitenskap ved UiB), Boel Christensen-Scheel (førsteamanuensis ved HiOA), Jon Refsdal Moe (teatersjef Black Box teater), Toril Goksøyr og Camilla Martens (fra performanceprosjektet Goksøyr&Martens)s

Neste debatt var om tverrestetikk i teatret, her gir førsteamanuensis i teatervitskap ved UiO, Siren Leirvåg ei innføring i estetikk og det tverrestetiske landskapet. Når det gjeld det tverrestetiske betyr det at det ikkje lenger er teksten som er den viktigaste å vise fram, det kan like greitt vere lys, bilde, bevegelse, lukt, tale osb, men at det visuelle gjerne blir prioritert.

Utover dette dreier debatten seg meir mot temaet stedsspesifikk kunst og kva det er og korleis det fungerer. Det beste poenget frå denne delen må bli at alle som driv med teater jobbar tverrestetisk.

Mingling under pause

Den siste delen var ein fagleg samtale (ikkje at det var ein stor forskjell mellom det og paneldebattane). Igjen blir det litt avsporingar, mest fordi Lars Øyno frå Grusomhetens teater er så himla engasjert. Skodespelarmetoden som får mest oppmerksomhet er Stanislavskij, og dermed det psykologisk-realistiske teatret. Problemet er at psykologisk-realistisk blir gjerne omtalt som alt teater som nyttar seg av stanislavskij-metoden, men at det over hodet ikkjer er likhetsteikt mellom dei to. Regissør og leder av registudiet ved KhiO spør om «vi ikkje skal fjerne ordet psykologisk-realistisk med det samme»?

Kunstnarisk leiar for Transiteatret-Bergen, Tore Vagn Lid, seier her at kunst er ei biologisk oppleving, publikum er mennesker. Teater er møte med mennesker. Vidare blir det diskutert kunsten sin oppgåve, og det blir sagt at kunsten har som oppgave å provosere – provosere kva? Samtalen kan oppsummerast slik: Metode kjem frå menneskesyn – menneskesyn er politisk.

Konversasjonskort

Eg kan ikkje seie at debattane kom fram til ein konklusjon, eller at eg var meir eller mindre einige i noko av det som vart sagt. Men seminaret var absolutt ikkje forgjeves, målet var heller å få spørsmåla ut til folket og skape engasjement rundt fagområda. Da blir vel ikkje svara så viktige?

Sjølv om temaet for dagen ikkje var å forsvare teatervitenskapen, beviste dette seminaret kor sterk posisjon teatervitskapen har fått innan teaterfeltet dei siste åra. Det har kanskje vore stor avstand mellom teori og prakis tidlegare, men når regissørar, skodespelarar og andre aktørar påpeiker viktigheten av faget, viser det igjen kor tragisk det er at UiO legg ned teatervitskap!

Dagen vart avslutta med middag og konservasjonskort. Tusen takk til fagutvalet i teatervitskap ved UiO som visar så sterkt eitt engasjement kring nedlegginga av faget, som dei seier sjølv: «Det er håpløst og vi gir oss ikke».

Eg avsluttar med eitt par kloke ord av danser og regissør Monica Emilie Herstad:

«At ein legg ned teatervitenskap betyr å gi frå seg diskursmakta. Det er ikkje ein kulturby verdig!»

– Ingrid

 

Tags: , ,