Get the look: Knut Ove

Har du lyst til å bli ein person som betyr noko i fagfeltet ditt? Draumar du om å skape nye og banebrytande omgrep som forandrar korleis vi ser (teater)verda? Har du og vennane dine ambisjonar om å drikke langsamt opp og gå attende i samla tropp?  Eller vil du ganske enkelt vere ei levande legende? Uansett: denne vekas Get the look er akkurat den inspirasjonen du treng til akkurat det.

Vi har har gjort grundig research og kome fram til ambiente resultat: frontlosjen har knekt stilkoden til professor i teatervitskap, Knut Ove Arntzen.

Knut Oves klesstil beveger seg inn mot det post-mainstreame og den skildrar han eigentleg ganske godt: Ljose, nøytrale fargar som passar godt inn på eit kvart kontor, og vitnar om at dette er ein belest mann. Fargemessig bør du halde deg innan tonar som beige, lysebeige, mørkebeige og enkelte gongar militærgrønnbeige.

Under den ribbestrikka jumperen skjuler det seg ofte artige, ambiente t-skjorter med popkulturelle referansar, gjerne frå Stamsund Internasjonale Teaterfestival. T-skjortene er det som vitnar om at dette er ein mann som kan sitt prosjektorienterte marginale samtidsteater, og veit meir om rave-liknande settingar enn den jamne tenåring.

Enkle chinos og sko som ikkje tek merksemda vekk frå T-skjorta er viktig. Når han går ut har han alltid med seg ein man bag, og prikken over i’en er eit fargerikt, stripa skjerf – som vitnar om at denne akademikeren har ein sprudlande personlegdom. Sist, men ikkje minst: ein røff  og slitt skinnjakke er eit must – den syner at dette er ein badass teatervitar.

 

KOA

KOA2

 

Slik får du stilen:

  • Skinnjakke (evt. blazer i nemnte fargetonar)
  • Ambient t-skjorte
  • anonym, ribbestrikka genser
  • anonyme bukser
  • anonyme sko
  • man bag
  • stripete skjerf
koa
Autentisk t-skjortemotiv til inspirasjon:
NORABABY(2)
- Ingrid og Ragnhild
(takk til Millan som fotograf)
Tags: