Vi har alle lurt på det: Kva er hemmeligheten? Korleis kan du framstå som både 5 og 10 år yngre utan å ty til botox og skumle legemiddel (trur vi)?
Frontlosjen vil kome til bunns i saka for deg, kjære lesar. I anledning markeringa av 60-årsdagen til førteamanuensis i teatervitskap ved UiB, har vi analysert stilen til Keld Hyldig.
Det er i grunnen ikkje så vanskelig; ei skjorte med eit litt sprekt mønster, mørke bukser, stilige sko og skinnjakke (eller stilig manneparkas).
eller jo – så vanskelig er det, for skjorta er ikkje noko harry Hawaii-opplegg, buksa skal ikkje ha fake slitt mønster, skoa bør ikkje sjå ut som du skal på fjelltur i, men heller ikkje på galla og skinnjakka skal ikkje vere for rocka og heller ikkje for kjedelig. Klassisk med ein twist, men du skal ikkje sjå ut som verken bilselgar eller BI-student, du skal rett og slett sjå ut som Keld.
Slik skapar du stilen:
- skjorte
- singlet under skjorta
- mørke bukser, gjerne jeans
- stilige sko
- skinnjakke, eller liknande
- evt. cardigan eller blazer
- enkelt belte
- sekk til datamaskina