Sei hei til YVA – festivaledition

Festivalens mest interkontinentale bidrag er YVA, eit kompani der alle er utdanna ved Ecole Jacques Lecoq i Paris. På Frontlosjefestivalen 2018 skal dei vise The First Time I Saw the Sea. Det er på tide å bli betre kjend med Sturla Alvsvåg, Tonje Dreyer Sellevoll, Miriam Fernandes, Elias Hauter og Maren Ylva Nysæther Sørensen!

Kva er de aktuell med?

Vi er aktuelle med ei fantastisk maskeframsyning om temaet minner.

Kvifor tek de opp denne tematikken?

Vi tek opp denne tematikken fordi den betyr noko. I tillegg til at dette er noko som står sterkt og er kjenslelada hjå oss, er det også morsomt å tenke på korleis minna om oss lev vidare i andre. Korleis vil vi bli hugsa, og for kva?

20841073_2011298902449524_1876166800056155886_nBilete frå prosessvisning av The First Time I Saw the Sea på SummerWorks 2017. Fotograf: Dahlia Katz Photography.

Korleis er det å vere unge og lovande kunstnarar?

Det høyres verre ut enn det følast.

Kvifor danna de kompaniet?

Etter to års skulegang saman, fann vi raskt ut at vi delte same visjon og behov. Eit behov til å utforske, vere nyfiken, leike og le. Vi fann ut at det gjorde vi best saman.

Kva er det viktigaste de har lært frå utdanninga på Ecole Jacques Lecoq?

At når ein står på scena og skal syne kva ein har gjort, er det for seint å tvile. Da kan ein kun gå framover utan å snu seg attende.

Vår beste eigenskap er utvilsamt å vere ueinige. Utan det hadde det vore alt for lett.

Kva er draumen til YVA?

Verdsherredøme.

Korleis skal de ta over verda?

Med utsøkt arbeid og sterk vilje.

Drømmekjærast?

Michael Jackson.

Kva er kompaniet sin beste eigenskap?

Vår beste eigenskap er utvilsamt å vere ueinige. Utan det hadde det vore alt for lett.

Skildre ein vanleg dag for kompaniet.

Ein vanleg dag for kompaniet er som følger: Sturla sitt heime i Bergen og irriterer seg over været og drømmer om sol og kvite strender. Maren Ylva sitt i Oslo og er lukkeleg over at ho bur i 1. etasje, så ho slepp å bære nye møblar opp tronge trapper. Slikt får ein vondt i ryggen av. Kor Tonje befinn seg er det ikkje godt å seie. Det er ikkje dagslys no, så kven veit. Umogleg å sjå noko som helst. Elias kjempar mot uhøflegheit i Paris og Miriam er i Canada og speler ishockey. Som ein gjer i Canada.

Fortel om dagens outfit!

Rosa regnponcho, utdelt til alle som tek seg ein tur med båten «The maid and the mist» for å kome heilt bort til Niagara falls.

received_10155735083860610

Kva slags type teater likar de?

Sturla: Teater som kan ta meg ut frå teatersalen og inn i illusjonen, er godt teater. Eg vil vere med på reisa.

Har de nokon gong gått frå salen under ei framsyning? (eller hatt veldig lyst til å gjere det)

Oh yes! Og viss ein er i eit gammalt teater i Paris som knirkar og knakar, så er det ein skikkelig statement. Da må ein meine det.

(red.anm. Vi har faktisk sjølv vore vitne til at opp til fleire medlemmar av YVA forlet ei framsyning, verka som dei meinte det da òg!)

Viss de ikkje hadde drive med teater, kva hadde de gjort da?

Alle fem hadde jobba som guide på Eidsvoll 1814.

Kvar er de om 10 år?

Vi har tatt over Brann Stadion og gjort det om til vårt egeit teater.

Men, før den tid: Kan de skildre The First Time I Saw the Sea med tre ord?

Sjarmerande, optimistisk, uredd.

Framsyninga vil få deg til å le, tenke, føle og til å forlate teatersalen litt rikare enn da du kom inn.

Kvifor skal vi sjå framsyninga?

Dette er ei framsyning som behandlar eit sårt og tragisk tema med eit smil og glede. Ho er ikkje skapt for å provosere eller irritere, men skape glede og latter i ein kald februarkveld. Framsyninga vil få deg til å le, tenke, føle og til å forlate teatersalen litt rikare enn da du kom inn.

Er det farleg å sitte på første rad?

Sturla foretrekk alltid midt på rad fem. Men det er ingen risiko på første rad, dessverre. Ikkje denne gongen.

Dilemma: Eitt år utan kunst eller sjå 24 timers amatørteater frå helvete?

24 timers amatørteater frå helvete. Kanskje ein kan finne noko inspirasjon i det. Om ikkje til ein komedie, så kanskje til ein mørk, ond og sint tragedie. Evig optimist.

Vi seier hade YVA, og lukke til!

DSC_1301Her er Frontlosjen med tre av kompanimedlemmane: Maren Ylva, Sturla og Miriam.

Derfor har vi YVA på plakaten

Frontlosjefestivalen presenterer scenekunst med eit kunstarisk uttrykk som på ulike måtar er representativt for det frie feltet i Bergen. Uansett kven målgruppa er, søker vi produksjonar som utforskar estetikk, tematikk og form på nye måtar.

Ein viktig del av å oppretthalde Bergen som ein levande scenekunstby, er å gje dei som dreg ut for å utdanne seg moglegheit til å kome attende med kunsten sin. At Sturla valte å ha base i heimtraktene etter endt utdanning er stas, særleg når det gir oss eit internasjonalt kompani på kjøpet! YVA er eit lovande kompani med ei solid utdanning, ståpåvilje, gode idear og evnen til å få i gang prosjekt, sjølv om dei bur i ulike byar i tre ulike land(!). Delar av kompaniet har alt vist fram Nesen på årets MiniMidiMaxi. Og etter at vi i august såg ei arbeidsvisning av The First Time I Saw the Sea i Toronto, er vi meir overtydde enn nokon gong. Dette gler vi oss til!

Vi syner The First Time I Saw the Sea i Kongesalen på Cornerteatret fredag 23. februar kl. 20.00.

-Ingrid og Ragnhild

Om Frontlosjefestivalen

Følg festivalen i sosiale media:

unnamed-3Instagram-Logosnapcodeunnamed

Brukarnamn: frontlosjen

// mjøling av eiga kake // frontlosjefestivalen er bloggen sitt eiget initiativ

Tags: ,