Sei hei til The Fourth Stage – festivaledition

Vi er godt nøgd med på ha Vincent Stephen og Mirte Bogaert ombord på Frontlosjefestivalen 2018.
Det er tid for å bli betre kjend med The Fourth Stage!

ASL?
The Fourth Stage er 64 år gammal, bur i Bergen/Brussel og er hermafroditt.

the fourth stage

Kva er de aktuelle med?
Put Out The Light er ei poetisk scenekunstframsyning om døden, utvikla i samarbeid med kunstnaren Randiane Sandboe.

Kvifor tek de opp denne tematikken?
Som René Magritte oberverte: ”An object is not so attached to its name that one cannot find for it another one which is more suitable.” Dette gjeld òg for døden.

Og kvifor skal vi sjå framsyninga?
Det er en framsyning som passar for alle, og stimulerer til eigne tankar og refleksjonar. Vi er veldig glade i den vakre scenografien som Randiane har skapt, som interagerer med koreografien. Ikkje minst har vi veldig lyst til å dele stykket med andre.

Ikkje minst har vi veldig lyst til å dele stykket med andre.

Beskriv ein vanleg dag i november
Vi har enno ikkje opplevd ein vanleg dag.

The Fourth Stage

Korleis byrja de å samarbeide?
Da vi fyrst vart kjend med kvarandre, merket vi at det som vi jobbet med hver for seg hadde en del til felles. Spesielt det at vi båe to var opptatt av kroppen, og umedvitne eller ikkje-språklige opplevingar. Vi forsto fort at vi hadde moglegheit til å utdjupe kvarandres kunnskap og perspektiv. Så utvikla vi øvingar i studio og skapte materiale saman som det ikkje hadde vore mogleg å skape åleine. Samarbeidet vårt i dag er eit vidare resultat av denne prosessen.

Når fant de ut at de ville bli scenekunstnarar?
Vi tykkjer dette eir et vanskeleg spørsmål. Ein blir aldri eit ferdig vesen, livet er ein prosess som beveger seg mot døden.

Kva bakgrunn har de, da? 
Saman har vi utdanninger i dans (Høyskolen for dansekunst, P.A.R.T.S.), litteratur (Cardiff Uviversity), sosial-arbeid (Hogeschool Gent),og  psykologi (Universitetet i Bergen).

Kva er det viktigaste de har lært frå utdanninga?
Å ikkje ta ei utdanning alt for seriøst.

Korleis er det å vere unge og lovande kunstnarar?
Vi kan ikkje love så mykje, men vi føler oss bra.

Kva er den beste eigenskapen de har?
For augneblinken er det kanskje at vi er ganske flinke til å videreutvikle stykket, sjølv om vi befinn oss på to ulike stadar.

11 jun (8 of 89) sKven er drømmekjærasten til The Fourth Stage?
Elinor Wylie og Langston Hughes skreiv fine dikt om døden, noko vi tykkjer er tiltrekkande. Vi likar dei såpass mykje at vi nyttar ei i frasmyninga.

Kva var det fyrste møtet de hadde med scenekunst?
Den fyrste scenekunstopplevinga som vi såg saman, var vel kanskje framsyninga The Process av Dora Sulzenko Hostová & Jan Ctvrtník på BIT Teatergarasjen under festivalen Tsjekk it Out i 2015. Rett nok var ikkje The Fourth Stage etablert enno.

Kvar er de om 10 år?
Vi ønsker å halde fram med å jobbe kunstnarisk, og utvide arbeidet slik at det famnar om fleire forskjellige typar folk og overskrid grenser i kunstfeltet.

Kva er drømmejobben?
Å spele Put Out The Light på mange stadar, slik at fleire publikummarar kan anerkjenne døden saman med oss.

Det er alltid litt farleg å sjå teater.

Dilemma: Eitt år utan kunst eller sjå 24 timars amatørteater frå helvete?
Djevelen skaper sikkert godt teater.

Beskriv Put Out the Light med tre ord
Poetisk, musikalsk, opplevelsesorientert.

Er det farleg å sitte på første rad?
Det er alltid litt farleg å sjå teater.

Vi seier hade Mirte og Vincent, og lukke til!

Derfor har vi The Fourth Stage på plakaten

Frontlosjefestivalen presenterer scenekunst med eit kunstarisk uttrykk som på ulike måtar er representativt for det frie feltet i Bergen. Uansett kven målgruppa er, søker vi produksjonar som utforskar estetikk, tematikk og form på nye måtar.

Mirte og Vincent går målretta inn for å finne nye vegar og kombinasjonar innanfor scenekunstfeltet, og har lenge jobba med å utforske eit eiget formspråk. Mirte har alt synt seg som hardtarbeidande og målretta i det bergenske frilansfeltet, og vi har ingen grunn til å tru noko anna enn at desse eigenskapane held fram i samarbeid med Vincent. Dei har klare kunstnariske mål og visjonar og fortener merksemd i arbeidet med sitt andre prosjekt. The Fourth Stage hadde premiere på si fyrste framsyning, All The Wave Was In A Flame, i mars 2017.

– Ragnhild og Ingrid

Om Frontlosjefestivalen

Følg festivalen i sosiale media:

unnamed-3Instagram-Logosnapcodeunnamed

Brukarnamn: frontlosjen

// mjøling av eiga kake // frontlosjefestivalen er bloggen sitt eiget initiativ

Tags: ,