Sei hei til TGO//4332 – festivaledition

Vi lar dykk bli litt betre kjend med TGO//4332 som skal vere med på Frontlosjefestivalen 2018. Vi er veldig glade for at dei skal vise framsyninga Your guess is as good as mine.

ASL?
Nei takk, vi er ei stifting.

Kva er de aktuelle med?
Me er aktuelle med framsyninga Your guess is as good as mine på Frontlosjefestivalen.

Korleis er det å vere unge og lovande scenekunstnarar?
Krevande

Kvifor vil de lage dykkar eiget kompani?
Vi vil ha noko fint å sjå på. Det håpar me de og vil ha.

Kva er draumen dykkar?
Produsere framsyningar til glede og inspirasjon for andre

Selfie_TGO__4332 (1)

Kva var det første møtet de hadde med scenekunst?
Fjernsyns- og radioteateret

Kva type teater likar de?
Slikt som er fint å sjå på, noko magisk noko.

Har de nokon gong gått frå salen under ei framsyning?
Nei

Fortel litt om bakgrunnen dykkar:
Me kjem frå møblerte heimar alle i hop.

Kva er det viktigaste de har lært frå utdanninga dykkar?
Kvar skapet skal stå

Beskriv ein vanleg dag i november 2017:
Me drikk litt kaffi frå Figgjo-koppane våre, grublar litt medan me går oss ein tur i finavêret. Slikt vert det god scenekunst av.

Kven er drømmekjærasten?
David Lynch

Kva er kompaniet sin beste eigenskap?
Me er eit raust og inkluderande kompani.

Me er eit raust og inkluderande kompani.

Om de ikkje hadde drive med scenekunst, kva hadde de gjort da?
Gjort noko mindre naudsamt, som å redda liv til dømes

Kvar er de om 10 år?
Då sit me der enno med kaffien, kanskje med noko godt attåt.

Korleis skal de ta over verda?
Det får andre styra med, me trivs best i teatermyrkret.

Beskriv Your guess is as good as mine med tre ord:
Stil og eleganse

Kvifor sjå framsyninga?
Your guess is as good as mine

Kvifor tar de opp denne tematikken?
Me ville undersøkje om moglegheiten for å lure oss sjølve

Vil det vere farleg å sitte på fyrste rad?
Tja, nokon fobiar er verre enn andre

Fortel om daagens outfit:
Stjerner i augo, striper på kleda.

Dilemma: Eitt år utan kunst eller sjå 24 timars amatørteater frå helvete?
24 timars amatørteater

Derfor har vi TGO//4332 på plakaten

Frontlosjefestivalen presenterer scenekunst med eit kunstarisk uttrykk som på ulike måtar er representativt for det frie feltet i Bergen. Uansett kven målgruppa er, søker vi produksjonar som utforskar estetikk, tematikk og form på nye måtar.

Gunnar Innvær, Thomas Bruvik og Liv Guri Østrem er tilsaman kompaniet TGO//4332. Dei har fram til no jobba på Carte Blanche, men vi har kun sett dei i mørket som teknikarar og kostymedame. No går dei saman og lagar si eiga framsyning, sjølv om dei fortsatt ikkje har tenkt å stå på scena. No er det på høg tid å vise teknikaren og kostymøren sitt teater, kor det visuelle uttrykket er minst like viktig som innhaldet dei utforsker. Kva TGO//4332 betyr er vi i Frontlosjen like spente på som alle andre, vi lurar på om det kjem til å forbli ein evig løyndom.

 

– Ragnhild og Ingrid

Om Frontlosjefestivalen

Følg festivalen i sosiale media:

unnamed-3Instagram-Logosnapcodeunnamed

Brukarnamn: frontlosjen

// mjøling av eiga kake // frontlosjefestivalen er bloggen sitt eiget initiativ

 

Tags: ,