Sei hei til Svein – festivaledition!

Svein Hofseth Hovland er den som reiser lengst for å vise forestillinga si under Frontlosjefestivalen, men sjølv om han no bur i Oslo er han fortsatt tilknytta til Bergen, sjølv om val av riktig skotøy i regnværet har blitt ein fortapt kunnskap. Bli betre kjend med regissøren bak forestillinga Å GJØRE HEL.

ASL?

Einogtredve, mann, Oslo

Beskriv vanleg dag for deg i februar 2016

Stå opp og smøre niste til kona. Som og er eit påskudd for å komme meg opp av senga. Så går eg på kafe og jobber. Eventuelt blir det litt kveldsjobb med andre ting, som forelesningsførebuing på kunsthøgskulen. Etter dette prosjektet er ferdig er det ei uviss fremtid.

Korleis er det å vere i ein etableringsfase som kunstnar/kulturarbeider?

Ganske vanskelig, men gøy fordi eg gjer det eg har lyst til. Eg må heile tida by på meg sjølv og gjere alt eg kjem over av jobbar for å komme nokon vei. Foreløpig er det ikkje så ille at eg ikkje velger det.

Kva er drømmejobben din?

Det kan vere mykje forskjellig, innan regi eller dramaturgi til dømes. Så lenge det har noko med noko kreativt og kunstnarisk arbeid å gjere.

DSC_0036

-Svein på befaring på Cornerteateret.

Kva var ditt første møte med teater/scenekunst?

Eg har alltid vore interessert og hatt lyst til å vise meg fram, men aldri turt det. Første møte var at eg ved ein feil vart meldt opp i musikalen på vidaregåande, som eg aldri var med i, men det stod at eg var med i den. I staden hadde eg vel fritimer og drakk kaffe. Det var første merkelige starten, men det gjorde at eg faktisk fekk lyst til å drive med det. Første ordentlege møte var i immaturus.

Når skjønte du at dette var noko for deg?

Eg har aldri vore sikker på om at det er noko for meg, men eg har hatt lyst til å det sidan studietida.

Kor er du om 10 år?

41 år… Da vil eg tru at eg er ein rimelig sliten og stressa småbarnsfar som har tatt ein eller annan kommunal kulturetatjobb for å få fast inntekt. Det er ikkje naudsynt eit nederlag viss det er ein spanande jobb.

Kva er dine beste eignskapar?

Eg er rolig, og at eg stort sett klarar å sjå moglegheitar i stressande situasjonar.

Kven er drømmekjæresten din?

Bortsett fra kona meiner du? For det er jo kona sjølvsagt … Eg trur jeg må seie kona.

DSC_0040

- Dette er ikkje Svein og kona. Dette er Svein og 50% frontlosjen. Svein er ein høg mann.

Beskriv forestillinga med 3 ord

Utfordrande. Undersøkande. Og akkurat no er den på veg til å bli litt dyster, men det er eigentleg ikkje meininga. Målet er at den ikkje skal vere det.

Kvifor skal vi sjå forestillinga?

Først og fremst fordi det er med tre veldig flotte aktørar, som gir nydelig lyd- og musikklandskap. Nydelig bevegelse og forhåpentligvis spanande eller utfordrande tekst. Hovedmålet mitt er at eg vil at publikum skal stille spørsmål ved sin eigen plass i samfunnet og korleis dei plasser inn.

Kvifor tar du opp denne tematikken?

Det er litt tilfeldig, fordi for eit år sidan satt eg saman med ei venninne og satte opp ei liste med tema som vi synast var spanande som utgangspunkt. Også landa vi på integrasjon fordi det er spanande å diskutere. Og det har jo eskalert i den offentlege debatten det siste året. Eg har lyst til å gå inn i integreringssdebatten gjennom tematikken. Det handlar om identitet i eit samfunn i endring, om korleis ein forheld seg til det, korleis ein finn sin plass og korleis samfunnet skapar rammar som ein skal innordne deg etter. Det gjeld ikkje berre asylanter eller invandrarar, men alle som er ein del av dette samfunnet

Er det farleg å sitte på første rad?

Nei. Ikkje enno.

Korleis skal du ta over verda?

Halde kjeft og stirre skummelt på motstandarane. Eller nei, ved å vere snill. Eg har ombestemt meg.

Kva vil du seie om dagens outfit?

Sørgelig mistilpassa skotøy for bergensværet. Ellers riktig fargeval i høve til grå og dyster dag. Anvendelig og behagelig for samla reisetid på 14-15 timar på tog.

DSC_0032.JPG

Å GJØRE HEL spelast i søylesalen laurdag 20. februar kl. 18. Billettar får du kjøpt her.