Kategorier
Frontlosjefestival Sei hei til

Sei hei til Papirvinger – festivaledition

Det er enno litt tid att før 4. søndag i advent, i mellomtida kan de bli kjende med det fjerde innslaget under Frontlosjefestivalen 2018!

Papirvinger kjem til Fronlosjefestivalen med What Shines i februar. Det er på tide å bli betre kjend med Ine Terese Hogstad!

ASL?

Eg er 34 år, kvinne, og bur i Bergen (sidan 2007, nesten bergensar…) Er frå Sandnes i Rogaland.

Skildre framsyninga di med tre ord.

Poetisk, spennande og sanseleg.

Kvifor skal vi sjå framsyninga?

Framsyninga har ein relevant tematikk, det handlar om djupøkologien og tanken om at alt levande liv har eigenverdi.

Kvifor tek du opp denne tematikken?

Eg trur vi står ved eit viktig vegskille i dag, kor verda må ta grep og gjere noko i forhold til klima og miljø. Eg er optimistisk, men kjenner ein stor trang til å gjere noko.

Er det farleg å sitte på første rad?

Ja! Neida, det er heilt trygt.

med fargestiftertil

Skildre ein vanleg dag for deg

Ein vanleg dag startar som regel ved at guten min på 7 mnd vekker meg med diverse gurglelydar og små gledeshyl. Eg er ikkje nokon morgonfugl, så jeg brukar å ta han oppi senga mi og prøver å sove litt til, men det endar som regel med at eg får ansiktet most av små fingre og blir lugga i håret heilt til vi berre  stå opp.

Etter litt graut-spise-kaos og leiking på golvet, tek gjerne guten min seg ein kvil, da nyttar jeg sjansen til å jobbe litt med prosjektet mitt What Shines. Her går det mykje i planlegging og tilrettelegging for vegen vidare. Har nettopp hatt møte med den dyktige grafiske designaren Camilla Gjerde Lund som skal designe plakat til framsyninga. Det var utruleg inspirerande. Veldig kjekt å samarbeide med folk som ein kan nerde over dei same tinga med; vi to berre elskar papir! Har og hatt møter med Thomas Bruvik som er med på å designe ljoset til framsyninga og Hanne Vatnøy denne måneden. Hanne skal komponere musikk og vere med som live musikk/utøvar i framsyninga. Gler meg veldig til å høyre dei første lydskissane.

Kven er drømmekjærasten din?

Er forlova med min drømmekjærast, Bjørnar Erevik Nilsen.

Eg er veldig arbeidsom. Det høyres kanskje litt traust ut, men for meg som kunstnar har dette vore ein veldig viktig drivkraft og eigenskap.

Korleis er det å vere i ung og lovande kunstnar?

Hehe, eg likar tittelen. Er jo blitt ei vaksen dame etter kvart, men veldig kjekt å få lov til å vere i denne båsen ei stund til.

Kva er din beste eigenskap?

Eg er veldig arbeidsom. Det høyres kanskje litt traust ut, men for meg som kunstnar har dette vore ein veldig viktig drivkraft og eigenskap.

Kva var ditt første møte med teater/dans/scenekunst?

Mor mi er veldig glad i scenekunst og tok meg med på framsyningar heilt frå eg var lita (før eg kan hugse). I barnehagen hadde eg ei god venninne, vi var som erteris. Far hennar jobba som trommis på Rogaland Teater. Da vi var små fekk vi sitte ned i ’grava’ på høge barkrakkar og kikke opp på scena. Vi var der ofte. Det var magisk å vere lita og få lov til å vere med på noko slikt. Etter kvart byrja eg sjølv på Rogaland Barneteater, og dermed var eg hekta.

Kva slags type teater likar du?

Eg er mest opptatt av postmoderne teater og samtidsdans. Er veldig glad i stadsspesifikk kunst. Carry On av Heine Avdal og Yukiko Shinozaki var favoritten min under førre Oktoberdans, ei finurlig reise gjennom Sentralbadet. Vakkert, leikent og poetisk.

Kva er di beste teateroppleving?

Vollmond av Pina Bausch på BAM teater i New York hausten 2010. Eg var seint ute med å bestille billettar, vi stod i billettkø og var nokon av dei siste som fekk plass. Heldigvis, det viste seg å vereei heilt fantastisk framsyning!

Kva er di verste teateroppleving?

Har opplevd ein god del dårlige framsyningar. Det verste er gjerne når ein trur ein skal sjå noko bra, og så viser det seg å vere heilt drit. Det skjedde da eg var på ImpulsTanz i Wien, hugsar ikkje kva framsyninga heitte, men var så sikker på at det skulle vere bra, siden denne festivalen husar ekstremt mange flinke koreografar og kompani. I denne framsyninga var det nokre dansarar som berre låg i ein rull av plast. I utgangspunktet kunne det vorte noko spennande, men det skjedde berre ingenting, og konseptet kom heller ikkje fram. Av alle bra framsyningar eg kunne gått på under ImpulsTanz, kjendes det veldig feil å nytte tid på å sjå denne…

Har du nokon gong gått frå salen under ei framsyning? (eller hatt veldig lyst til å gjere det)

…vi gjekk før den var ferdig. Det verka ikkje som om framsyninga eigentleg var ferdig laga heller.

Sjølv om det er vanskeleg, kan eg liksom ikkje la vere.

Når fant du ut at du ville bli scenekunstnarar?

Eg har ikkje hatt ei skjellsettende oppleving kor eg innsåg at: ja, dette skal eg drive med. Eg har alltid vore tiltrukke av scena. Da jeg var lita var eg ganske roleg, men eg elska å opptre. Sånn sett er eg ein litt samansett person. Etter mange år som kunstnar tykkjer eg framleis det kan vere skummelt å stå i scenelyset, men det er noko som dreg meg dit likevel. Eg får eit kick av det som eg ikke finn andre stader. Sjølv om det er vanskeleg, kan eg liksom ikkje la vere.

Kva slags bakgrunn har du?

Eg har ein Bachelor i Dans fra Universitetet i Stavanger og Nordic Master in Dance studies (NO-MA-DS), som er eit samarbeid mellom NTNU, Universitetet i Stockholm, København og Tampere. I tillegg til dette har eg hatt fleire lengre opphald i inn- og utland kor eg har tatt klassar og workshops. Var mellom anna eit halvt år i New York.

Kva er det viktigaste du har lært frå utdanninga di?

Danseutdanninga i Stavanger var veldig teknikkbasert. Du måtte vere ganske uthaldande for å klare studieløpet. Eg fekk ein solid teknisk base og sterk kropp, men følte ikkje at eg fekk utløp for mine kreative sider. Det var fint å oppdage at det var noko eg sakna. Det fekk meg til å innsjå at det skapande arbeidet var meir viktig for meg enn teknikk.

Frå masterstudiet lærte eg meg å jobbe sjølvstendig. Her fekk eg verkelig moglegheit til å samle informasjon og reflektere. Det var fint å nytte tid til å fordjupe seg.  

Fortel om dagens outfit!

Både bukse og gensar er fra Weekday. Det går mjuke i komfortable klede om dagen, mykje kravling på golvet.

Intervju 2

Dilemma: Eitt år utan kunst eller sjå 24 timers amatørteater frå helvete?

Oi, trur det må bli det siste.

Viss du ikkje hadde drive med dans, kva hadde du gjort da?

Eg er så glad i å skape og produsere, så det hadde nok vore eit yrke kvar eg hadde fått utløp for dette. Eg likar godt å sy og teikne, så kanskje skreddar, designar eller arkitekt.

Kvar er du om 10 år?

Om 10 år jobbar eg framleis som dansekunstnar.

Korleis skal du ta over verda?

Steg for steg

Vi seier hade Ine, og lukke til!

Derfor har vi Papirvinger på plakaten

Frontlosjefestivalen presenterer scenekunst med eit kunstarisk uttrykk som på ulike måtar er representativt for det frie feltet i Bergen. Uansett kven målgruppa er, søker vi produksjonar som utforskar estetikk, tematikk og form på nye måtar.

Ine Terese leverte ei imponerande prosjektskisse til festivalen vår. Det høyres kanskje litt tørt ut, men det var berre så mykje mat i konseptet, rundt eit veldig interessant tema. Vi kjenner òg til litt av arbeidet hennar frå tidlegare, og tykkjer det er viktig og riktig å løfte fram denne bergensbaserte dansekunstnaren. I tillegg samarbeider ho med spennande aktørar, og vi gler oss til å sjå eit interessant og sanseleg resultat i februar!

Vi syner What Shines i Kongesalen på Cornerteateret torsdag 22. februar kl. 20.00.

-Ingrid og Ragnhild

Om Frontlosjefestivalen

Følg festivalen i sosiale media:

unnamed-3Instagram-Logosnapcodeunnamed

Brukarnamn: frontlosjen

// mjøling av eiga kake // frontlosjefestivalen er bloggen sitt eiget initiativ

Legg igjen en kommentar