Sei hei til Mari

Denne veka arrangerer Den Nationale Scene “Fri scenekunstfestival”. Ei veke kor aktørar i det frie feltet får vise seg fram på Lille scene. Fire gruppar er med, og ei av dei er teaterterminalen med framsyninga De selektive som visast fredag 12. og laurdag 13. desember. Med ei framsyning som har ein veldig tung tematikk, synast vi det var på plass å vise litt andre (muntre) sidar av drikrafta bak Teaterterminalen: Mari Sofie Andreassen.

ASL?
31, kvinne/jente/dame, Tromsø

Kva gjer du i Tromsø?

Eg er dramapedagog, frilans regissør og produsent og driftar Teaterterminalen. Eg held og litt kurs i impro og sitt i styret til RadArt.

Beskriv ein vanleg dag for deg i desember 2014

Eg står tidleg opp og drikk ein heimelaga smoothie til frukost. Også gjer eg litt yoga (ca. 15. min). Deretter går eg på kontoret som eg får låne gratis av RadArt. Der jobbar eg med produsering (søknadar, budsjett, e-post, skjema osv). Etter det undervisar eg barn og ungdom i drama på Rådstua teaterhus. Etter alt det går eg mest sannsynleg og tar ein øl eller to – og gjer opp for den sunne starten på dagen.

Kva er drømmejobben din?

Å kunne jobbe fulltid med fri scenekunst – på det kunstnariske plan, med ei gruppe som er produktive, driftige og har faste medlemmar. På sikt trur eg dette er realistisk. Eg har lyst å vere mindre pedagog (eg er utdanna lærar) og meire kunstnar.

Kven er drømmekjærasten din?

Meiner du ein kjendis … ? Dette må eg tenke på.

Kva er din beste eigenskap?

Eg er kreativ og kontrollert på same tid!

DSC03697

Kva var ditt første møte med teater?

Det var på barneskulen. Eg spelte doktor i Torbjørn Egners barnesang Dyrene i Afrika. Eg var eit neshorn som opererte ut ei apekatt fra magen til ei krokkodille.

Kva er di beste teateroppleving?

Nokon av dei beste teateropplevingane eg har hatt i mitt liv har vore på Festspillene i Nord-norge. Dei er flinke til å programmere. Eg nyt generelt det å sjå dans, da analyserer eg ikkje alt i hjel slik som eg gjer med teater. Det er deilig å ikkje forstå alt heile tida. Eg såg nettopp Vader på Dansens hus, det var eit heilt absurd og fint univers.

Det var denne drømmekjæresten da….

Kva er di veste teateroppleving?

Oi, no må eg tenke litt.

Har du nokon gong fått lyst til å frå ei framsyning?

Ja, det gjorde eg ein gong. Da fekk eg kjeft etterpå, men det var for å rekke noko anna, ikkje fordi det var dårleg. Eg held alltid ut av respekt til dei som står på scena, sjølv kor dårleg det er. Og dårleg scenekunst finnast absolutt, det er så mange framsyningar som skaper fordommar om kva teater er, når alt ein får sjå er abstrakt svada som ingen forstår. Det er sjølvsagt forskjell på å personleg ikkje like, og at det er dårleg og umulig å forstå. Ein må ikkje forstå sine eigne prosjekt ihjel, det kan øydelegge for publikum trur eg.

Kva ville du tatt med deg på ei 16 timar lang Vinge/Müller-framsyning?

HBO (akkurat no ser eg på The Knick, det er ufyselig, men bra). Og to høglytte kritikarar eg kunne sitte mellom og lytte til.

Korleis skal teaterterminalen ta over verda?

Den einaste måten å endre verda på er å gå inn i politikken! Bli president! Det er kanskje lite truleg, men ein bra motivasjon. Om vi ikkje kan gjere det, kan vi i alle fall ta opp sterke politiske tema. Men no snakkar vi lang fram i tid, dette kjem til å skje om lang tid. I teaterterminalen er prosessen viktigast, dette er jobben vår så vi må kunne trivast med det vi gjer her og no, og ikkje slite oss ut mot ein premiere. Eg trur vi er det einaste kompaniet som fortsatt varmar opp med å leike,  og vi driv på med mykje impro.

Kva er bra med scenekunst i Tromsø?

Dei gjer noko riktig der, mellom anna støttar Tromsø kommune RadArt. RadArt er på ein måte blodåra i tromsøs scenekunstmiljø. Nettverk, kontorplass og arena, som eit knutepunkt. Dessutan er det veldig god stemning mellom kunstnarane i Tromsø, ein heier på kvarandre og applauderer alle som får støtte. Dette skapar samhold i eit felles felt. Eg diggar denne mentaliteten – å kunne glede seg over kvarandre. Dessutan står det i vedtektene til RadArt at fest er viktig!

Kor er du om 10 år?

Forhåpentlegvis akkurat det same som no. Eg har base i Tromsø og jobbar over alt innan kulturfeltet. Viss det ikkje klikker for meg og eg blir skrankedame på treningssenter (det siste har eg gjort før).

DSC03694

Og drømmekjærasten din?

Viss eg skal tenke realistisk så må det vere ein som kan halde meg nede på jorda. Gjerne ein som driv med primærnæring, som fiske eller jordbruk eller noko helt anna enn det eg driv på med. Det viktigaste er at ein har dei same verdisyna, interesser er det ikkje så nøye med. Men om eg skal drømme? Joel Kinnaman!

Kva vil du seie om dagens outfit?

Eg har ein ny rosa genser. Og mørkegrønn skinnbukse. Det er bra i regnet, du kan sjå på det som ei posh regnbukse. Også eit fresht oransje skjerf, det har eg strikka sjølv, ein må jo leve opp til visse fordommar som teatermenneske. Eg likar heller fargar i staden for smykker.

1 timar seinare på sms frå Mari:

“Ååå æ vet æ vet! Kom plutselig på kæm som e drømmekjæresten (hvis ikke en fisker) Chandler Bing! Drit i Joel Kinnaman.” (red. anm: enig!)

 

Vi seier ha det, Mari, og lykke til!

Tags: