Sei hei til Lisa

Kristi Himmelfarts-helga kan du sjå eit lite stykke Noreg på Teatergarasjen. Vi lar deg bli litt betre kjend med Lisa Nøttseter – kvinna bak forestillinga Heimevernet.

ASL?

Hm? Eg er for gammal for slike forkortingar, så her byrjar det med at eg ikkje kan svare.
(34, kvinne, Os. red.anm.)

Kva er du aktuell med?

Danseforestillinga Heimevernet på Teatergarasjen 7. mai. Og kanskje ein russelåt.

 

13072919_482074938649522_427213659442845129_o

Beskriv ein vanleg dag i april 2016.

Ungar, mat, logistikk, jobb, mat, jobb, logistikk, ungar, mat, logistikk igjen, mat, jobb, søvn.

 

Kva er drømmejobben din?

Einkvar jobb kan vere drømmejobben, så lenge han ikkje går over for mange år.

 

Kva var ditt første møte med teater/dans/scenekunst?

Eg var fire år, gjekk i musikkbarnehage og hadde sceneskrekk. Eg skulle spele gris. Det einaste eg skulle gjere var å komme inn på scenen, hoppe over eit gjerde, og gå ut igjen. Eg stod stiv av skrekk bak scenen. Både mor mi og Bergljot som dreiv musikkbarnehagen overtala det beste dei kunne for å få meg ut på scenen. Men dei kjende meg godt, og visste kvar dette kom til å ende. Bergljot hadde klokeleg teikna ein gris som hoppa over eit gjerde, så dei berre kunne bære inn plakaten som erstatning for meg. Og sånn vart det. I mitt første møte med utøvande scenekunst lot eg meg erstatte av ein plakat.

 

Kva slags type scenekunst likar du?

Eg likar nesten kva som helst av all slags kunst, så lenge eg skjønar kvar det kommer frå. I kunstnaren altså, ikkje sånn nasjonalitetsmessig. Altså at eg får ein peikepinn på kva det er som er på spel og kva som driv fram kunsten.

 

Kva er di beste scenekunst-oppleving?

Eg går på ein improworkshop leia av dansekunstnar Kristine Nilsen Oma. Der er det alltid mange fine og utfordrande opplevingar. På skulen min Skolen for Samtidsdans i Oslo (straks høyskolen for dansekunst) har eg òg opplevd ting som ein ikkje finn andre stader. Ellers har eg fått nokre riktig fine kunstsjokk av Transiteateret, Tg STAN og Meg Stuart.

 

IMG_1793

 

Har du nokon gong gått frå salen under ei framsyning? (eller hatt veldig lyst til å gjere det)

Mange gongar. Eg byrja under ein grusom opera eg såg på vidaregåande. Har ein først byrja å gå frå framsyningar, så skjer det fort igjen.

 

Når fant du ut at du ville bli dansar?

Eg gjorde ein liten produksjon tidleg på 2000-talet under leiing av mi geniale venninne Ingvill Skjold Thorkildsen. Det var ei oppleving av at mange ting fall på plass i meg i den prosessen. Tenk at ein kan bruke absolutt heile seg i å utøve eit yrke! (eller hobby, som vi kallar det her som eg bur i Frp sitt utstillingsvindauge)

 

Kva slags bakgrunn har du?

Frå UiB har eg ein slags bachelor basert på filosofi og psykologi. Så har eg gått tre år på Skolen for Samtidsdans. Eg har også nokre lause emner fra Livets Harde Skule, som er blitt så populær i det siste.

 

Kva er det viktigaste du har lært frå utdanninga di?

At det er eg som er autoriteten på min eigen kunst.

 

Viss du ikkje hadde drive med scenekunst, kva hadde du gjort da?

Vansmekta. Surmula. Vore ondsinna i kommentarfelta. Drive sølvskading på eit eller anna nivå, og laga generell ugreie.

 

Korleis skal du ta over verda?

Eg veit ikkje heilt. Synes det er vanskeleg å ta over verda. Verda er framleis spredt på veldig mange hender, sjølv om dei som eig mest forsøker å ta over stadig meir. Eg er også usikker på om det er riktig at nokon skal ta over verda, medan resten av menneska og dyra og naturen vert tekne over. Eg trur det ville vore betre om alle fekk tilgang og ingen fekk overtak.

 

lisa nøttseter

 

Beskriv forestillinga Heimevernet med 3 ord

Gøyal, forvirrande assosiasjonsride.

 

Kvifor skal vi sjå forestillinga?

Fordi vi har eit kjempesvært (delvis ufrivillig) gruppearbeid gåande som heiter Noreg. Det er ei vanskeleg øving når 5 millioner menneske skal fungere saman, men vi får visst berre forsøke.

 

Er det farleg å sitte på første rad?

Fare er ikkje til å unngå. Ikkje i livet og ikkje i scenekunsten.

 

Fortel om dagens outfit!

Her snakkar vi falma joggebukse. Mor mi sin gamle bomullsgenser og skrått hår. Eg er ein lekkerbisken. Helt klart.

 

Vis oss din beste selfie!

Eg har til gode å ta ein god selfie. Det blir alltid noko uflatterande med motivet. Veit ikkje kva det er.

kåno

Vi seier Hadet Lisa, og lykke til!

 

– Ingrid

 

Inhabilt mjøl i posen / Ragnhild er produsent for Heimevernet!

 

 

Tags: , ,