Kategorier
Frontlosjefestival Sei hei til

Sei hei til Lisa – Festivaledition!

Lisa Bysheim oppdaga at ho ville bli samtidsdansar da ho var i Kina – no er ho attende i Bergen og viser forestillinga Fugue – Fju:g/ under Frontlosjefestivalen.

Lisa Bysheim er heimattflytt dansar i Bergen, under Frontlosjefestivalen skal ho og trommis Frederick Schjelderup vise forestillinga Fugue – fju:g/, som blandar barokke musikk-utrykk og moderne danseuttrykk. Bli betre kjend med Lisa her og no!

ASL?

24 år, Kvinne/dame/jente, Bergen Dansesenter

Beskriv ein heilt vanleg dag i februar 2016

Dagane mine er så varierte for tida, men det er som regel opp ganske tidleg og tilbringe nokre timar i studio for å jobbe med forskjellige prosjekt. Også jobbar eg med ein god del søknader, det er jo søknadstid no!

Korleis er det å vere fersk dansar i Bergen?

Eg kjenner meg veldig godt tatt i mot av Bergen! Folk er veldig interesserte i det ein driv på med. Det er mykje støtte og eit nettverk som er der for ein. Etter å ha vore i Oslo nokre år, kor det var mykje større og mange gruppar, fleire om merksemda, merkar eg at det er mindre her. Det gjer at ein ser fleire, ikkje berre din eigen sjanger og ikkje berre dine eigne folk. Ein kjem i kontakt med mange fleire forskjellige kunstnarar, og får høve til å jobbe med fleire tverrkunstnariske prosjekt. Det er ein super-fordel! 

Lisa Bysheim Malin Vangsnes

Kva er din drømmejobb?

Eg har starta på den! Det er alt eg driv på med, å vere skapande dansekunstnar og kunne produsere mine eigne forestillingar, men og leve av det. Mykje av den nyetablert-tida handlar om å finne ut korleis eg kan leve av dette. Eg er på veg!

Kva var ditt første møte med dans/scenekunst?

Mamma sendte meg på ballett da eg var fem år gammal, sik at eg skulle få fin haldning. Eg fekk betre haldning, og eg trur verken at eg eller mamma tenkte at eg skulle bli dansar da.

Når fant du ut at det var dans du ville drive med?

Moderne oppdaga eg etter å ha vore på ein turne i Kina med nøtteknekkeren i 2010. Da skifta eg heilt retning og satsa på samtidsdans. Og sidan da har eg tatt til meg all kunnskapen og erfaringane eg kan om det. 

Kva er fordelane med å vere moderne dansar i forhold til klassisk?

Fordelen for meg er at eg har ein større del av den skapande prossesen, alt kjem frå min kropp, rørslene blir genuine. I staden for tillærte rørsler. Også følast det betre for kroppen, fordi eg tvinger ikkje kroppen inn i ein form den ikkje passar i. Men det hadde vore interessant å gå tilbake til balletten med dei erfaringane eg har no. 

Kva er dine beste eigenskaper?

Eg er veldig open, for å lære, for nye moglegheitar, erfaringar og menneske. Eg vil påstå at eg jobbar hardt, sjølv om det er litt vanskelig å seie slike ting om seg sjølv. 

Kor er du om 10 år?

Forhåpentlegvis driv eg på med det eg gjer no: skaper forestillingar. Har ein liten draum om eiget studio og residens-opphald.

Lisa Bysheim Malin Vangsnes

Kven er drømmekjæresten din?

Må tenke på det.

Tre ord som beskriv forestillinga.

Tre ord?!

Eller tre setningar.

Dei tradisjonelle prinsippa som møtar ei moderne form. Det er eit møte mellom live musikk og dans. Det handlar mykje om det møtet. Å lytte og utfordre kvarandre.

Kvifor skal vi sjå forestillinga?

Eg trur det blir ei spanande og intim forestilling med live musikk og dans, som er noko nytt for meg. Eg kjenner min kropp og veit kor mine rørsler kjem frå, men å møte denne ukjente og nye musikken gledar eg meg til. Eg prøvar alltid å utfordre uttrykket mitt, slik at det ikkje berre blir dei samme rørslene heile tida. Vi prøvar å finne ut kva dette møtet mellom det klassiske og moderne betyr, det er ikkje sikkert det betyr meir enn det det er. 

Er det farleg å sitte på første rad?

Ein kjem ganske nære dansen, men det er jo ein liten sal, så det blir jo uansett nære. Men ikkje farleg!

Drømmekjæreste?

Ein som lagar god mat, da er eg happy!

Lisa Bysheim Malin Vangsnes

 

FUGUE – Fju:g/ spelast i Søylesalen fredag 19. februar kl. 20.00. Billettar får du kjøpt her.

PS! Orsak til både Lisa og til publikum for at vi gløymte å spørje om dagens outfit.

Alle foto: Malin Vangsnes

Legg igjen en kommentar