Sei hei til Jennifer – festivaledition

Jennifer Doubreuil Houthemann har fått det ærefulle oppdraget å opne verdas første Frontlosjefestival med forestillinga ZOE. No skal du få bli litt betre kjend med den franske dansarinna og den første soloforestillinga hennar.

ASL?

28, F, Bergen

Beskriv ein vanleg dag for deg i januar 2016

Eg tar klasser på Carte Blanche. Også jobbar eg med Zoes prosjekt. Det tar resten av dagen: organisering, redigering, tilpassing, teknikk. Zoe er i hodet mitt heile tida. Eg jobbar mykje med lyd-materialet, men det fysiske ved det har eg ikkje lyst til å haste med. Eg må vere tålmodig. Dessutan har eg kjøpt kalender, det er så mykje å halde styr på! Forestillinga vil bli ferdig, men eg veit ikkje om eg kjem til å bli klar.

Kva er ditt forhold til Bergen?

Eg flytta hit for å jobbe ved Carte Blanche, så det er mest gjennom Carte Blanche eg kjenner Bergen.

DSC05206

Kva er drømmejobben din?

Danse og lage forestillinger. Utvikle mine ting og min signatur.

Kvar er du om 10 år?

Aner ikkje, eg har trykt på reset-knappen dette året, med permisjon frå Carte Blanche. Men eg håpar eg er lykkelig, med familie og vener rundt meg, og at eg gjer det eg har lyst til!

Kva var ditt første møte med dans?

Eg elska å sjå på isdans på TV. Eg var med mor mi på dansetimen hennar ein dag da eg var lita, og da fekk eg gjere det eg hadde sett på TV. Da fant dei ut at eg kanskje skulle starte i klassar som var tilpassa min alder.

Kven er drømmekjæresten din?

Ein blanding av Guillame Canet, Nino frå Amelie og Gaspard Ulliel (han i Chanel Blue-reklama). Altså min rare fyr, som eg kan ha det gøy med.

Når forstod du at du ville bli dansar?

Da eg såg klassen over meg, som hadde tåspissko. Der ville eg og vere! Eg ville danse heile tida, ikkje berre to kveldar i veka etter skulen.

Beskriv forestillinga di med tre ord. 

Det handlar om Zoe, som er ein historie om alle. Sjølv om mange liv er unike, så har vi mange like måter å komme gjennom livet på. Kva er det som gjør oss til oss, vi er eit lappeteppe av så mange ting. All musikk vi brukar er frå 1923 og fram til i dag, altså alle åra Zoe har levd. Det blir som ei audiobok, kor musikken fortel mykje av historia. Det er fantasi og realisme på same tid. Men tre ord? Minner  – transmission – barndom.

DSC05233

Kvifor skal vi sjå forestillinga?

Fordi eg har jobba så hardt med den, og investert i det. Det er ein stor risiko for meg å stå på denne scena, for folk liker å seie meininga si om kunst. Dessutan er Zoe heilt fantastisk! Viss ein skal ha som mål å gjere ei god gjerning kvar dag, så må det vere høyre på livshistoria til ei dame på 92 år denne dagen.

Kva vil du seie om dagens outfit?

Ånei! Eg går jo kun i slike klær, sidan eg er dansar. Genseren er frå fretex, og tightsen og t-skjorta har fine rosafarger som krasjer.

Jennifer.jpg

ZOE spelast i kongesalen torsdag 18. februar kl. 20. Du er kun nokre tastetrykk unna å kjøpe billetter!

 

http://frontlosjen.com/sei-hei-til/sei-hei-til-hennes-majestet-festivaledition/

Tags: ,