Sei hei til Intimteatret

Laurdag er det premiere på Intimteatrets siste produksjon, Tilfluktsrommet. Frontlosjen stakk innom ein av prøvene i tilfluktsrommet i Galgebakken, for å bli betre kjend med det relativt ferske tilskotet i kulturverda.

Aktørar tilfluktsrom
Aktørane i Tilfluktsrommet går ut  for å varme seg når dei har pause frå prøvene (hugs jakke!)

Kjernen i Intimteatret består per dags dato av Erlend Klette og Johannes Tønder, men gruppa utgjer ei rekkje unge teater- og kunstinteresserte med ulik bakgrunn, både performancekunst, dans, manusarbeid og arkitektstudiar.

– Vi er opptatt av å caste ulike kreative folk, nokon som har noko å kome med, seier Erlend. Han står oppført som regissør for Tilfluktsrommet, men understreker at det har vore ein demokratisk prosess (devising, som nokon likar kalle det). Intimteatret beskriv til og med seg sjølve som eit teaterlaboratorium.

Gruppa spring opphaveleg ut frå Studentteateret Immaturus, da som Det intime prosjektet i 2012.  Men det heile gjekk fort over til å bli eit anna og sjølvstendig prosjekt, med nytt namn og nye arenaar å spele på. No reknar dei seg sjølve som ei fri teatergruppe som jobbar med det rituelle og seremonielle ved scenekunsten.

Planen er å produsere jamleg framover, med ønskje om å vere blant dei som påverkar kulturlivet i Bergen by. Og dersom dei lukkast med det, er det heilt vitalt å kome til bunns i vitale aspekt knyta til regissør Klette. Det er sjølvklart ein jobb for Frontlosjen.

Erlend Klette, Intimteatret

ASL?
22 år på måndag – frå nabokommunen til Bergen (Samnanger). Oppvaksen på gard.

Stjerneteikn: Kreps

Tre ting du ville tatt med deg på ei 16 timar lang Vinge/Müller-framsyning?
Ein kvitvinsdunk, glutenfrie knekkebrød og Det marginale teater som oppslagsverk.

Korfor laboratorieteater?
Fordi teater på ingen måte er ein lukka og gjennomforska kunstform. Eg meiner det er viktig å prøve å forske. Prosessen er viktigare og alt det der 😉

Beskriv ein typisk arbeidsdag for deg
Ein typisk dag byrjar på Sydneshaugen med eit kvitt ark og sluttar sveitt på scenegolvet.

Korleis vil du ta over verda med Intimteatret?
Intimteatret skal forsøke å unngå å ta over verda – vi sett intimitet og umiddelbarheit framfor verdsherredømme.
Men med fokus på akkurat det, så endar vi nok opp med å erobre verda likevel. Til slutt.

Tilfluktsrommet

For deg som vil vite meir om Tilfluktsrommet

«I tilfluktsrommet kan mennesket utfolde seg fritt – uten å måtte ta hensyn til samfunnets normer og regler for hva som er akseptabelt – her utforskes okkultisme, spiritualitet og flukten fra samfunnet. Johannes har selv nettopp blitt medlem av en kultisk bevegelse som holder til i et tilfluktsrom på Nordnes. Vanligvis eksperimenteres det her med åndelige besettelser, og Johannes vil nå ta med gjester ned i tilfluktsrommet, i et forsøk på å forbedre/forsterke deres rituelle sermonier. Publikum vil få oppleve en underverden av spiritisme og religiøse fanatikere – lokalisert like under beina på familiene og barna som leker og soler seg oppe på Klosterhaugen.»

Tilfluktsrommet – Regi: Erlend Klette – Produsent: Amanda Øiestad Nilsen – Skuespillere: Johannes H. Tønder, Maria Helena K. Nerhus, Ingeborg Wie Henriksen og Sharon H. R. Siversen.

Valuta: kontant – Temperatur: jakke og skjerf. Og kanskje lue.

Premiere laurdag kl. 18.00
Speles 21. – 22. og 25. – 28. juni i Galgebakken tilfluktsrom på Nordnes.

– Ragnhild