Teaterkompaniet Hennes Majestet har ikkje eksistert veldig lenge på jorda, men har allereie vore på turne med si første forestilling, og da fekk dei med seg Frontlosjefavoritt Petter Næss som regikonsulent. Deira andre forestilling, Drømmen, har premiere under Frontlosjefestivalen, og her skal dei òg ha med seg ein kjend HEMMELIG regikonsulent. Bli betre kjend med kompaniet, og majestetane Marie Kallevik Straume og Helena Wik her!
Viss vi skal svare på det om drømmekjæreste, så er svaret vårt Jan Holden*
Fordi han alltid stiller opp for oss og har godt humør. Viss det er noko vi lurer på, så seier vi “kanskje Jan veit det”, også tada! Så kjem han ut av det blå med svar og hjelp. Han er trufast. Viss han skal ha ein utopisk hollywoodkjendiskropp på det vere Orlando Bloom. Det er noko med krøllane.
ASL?
18 mnd, kvinne, Cornerteateret
Kvifor ville de lage dykkar eiget kompani?
Fordi vil ikkje berre ville øve til ein opptaksprøve for å komme inn på teaterskoler kvart år. Vi hadde lyst til å skape vår eigen arbeidsplass og vi hadde eit sterkt behov for å lage forestillinger med samfunnets problem som tematikk. Men vi går jo på audiotionar likevel.
Korleis er det å vere ein fersk stemme i scenekunstbransjen?
Sjølvrealiserande. Fruktbart. Lett å komme til orde.
Kva er det som er bra med Bergen?
Det er næringsrik jord for å drive med scenekunst, fordi alle er interesserte i å spele på lag. Slik som kommunen og Proscen, og det er engasjerte folk som har lyst til å lage bra teater her. Det er veldig gøy at Bergenserar er opptekne av seg sjølv, det er bra for byen, og for oss. Dei elsker alt som handlar om Bergen, derfor elskar dei oss fordi vi held til i Bergen.
Beskriv ein vanleg dag i januar 2016
Våkner kl. 06.00 og et ein god frukost. Sett oss i bilen og kjører ein halvtime til neste ungdomsskole. Rigger scenografi på 1,5 time og speler to forestilinger av Du ser meg. Rigger ned. Drar og et treretters. Også jobber vi videre med “Drømmen” på kveldstid. Vi har sikkert 18 timers arbeidsdag for tida.
Når fant de ut at de ville bli scenekunstnarar?
Helena: Da eg var tre år. Eg showa foran familie og venner med slips på hovudet og realiserte meg sjølv
Marie: Eg var 20 år. Eg likte jo å drive med teater, men eg visste det ikkje før da. Det var det eg bestemte meg for å satse.
Kva er drømmejobben til Hennes Majestet?
Vi har lyst til å spele samfunnsaktuelle, nyskrivne forestillinger med ein interessant institusjon. Eller prøvelokaler på slottet! Det er kanskje ikkje realistisk med prøvelokaler på slottet, men det er viktig med slike hårete mål, fordi det seier noko om kven vi er på veien mot målet. Også har vi lyst til å vinne ein hedda-pris, eller bli nominert i alle fall.
Kva er beste eigenskapen til kompaniet?
Unge og naive. Uredde og utrolig gode på å sjå moglegheitar.
Korleis skal Hennes Majestet ta over verda?
Vi skal sette opp forestillinger som får folk til å innsjå korleis situasjonen i samfunnet faktisk er. Og på den måten kan du alltid lese om oss i D2. Vi skal ta dei ein etter ein, og til slutt tar vi dei alle.
Kor er de om 10 år?
Vi har basisstøtte frå Bergen kommune og er i gang med vår ellevte produksjon. Den handlar om miljøproblemet med dei nye svevande bilane. Og vi bur i New York, Berlin, London og Reykjavik. Og begynner å få eit problem med å plassere alle Hedda-statuettane vi har vunne.
Kan de vise eit stillbilde frå Drømmen?
Beskriv Drømmen med 3 ord!
Tatt på kornet.
Kvifor skal vi sjå forestillinga?
Instant teater som er løye. Vi har latt oss inspirere av korleis vi opplever nordmenns oppførsel og væremåte. Den norske moralen. Korleis lever vi i samtida, med oljå. Vi tar mellom anna tak i tematikken med at oljeprisane går nedover og at det er mange som mistar jobbane sine for tida.
Kvifor valde de den tematikken?
Vi vil alltid ta opp det som er aktuelt i samfunnet i dag, og da var det ingenting som føltes meir naturleg da vi bestemte dette for eit års tid sidan.
Er det farleg å sitte på første rad under forestillinga?
Det spørs kva du er redd for og får sjå røynda i augane.
Kva vil de seie om dagens outfit?
Komfortabelt, klare til å kjøre til Tysnes seinare i dag. Det er tilfeldig at vi har nesten samme skjerf.
*Ikkje den britiske Jan Holden frå sekstitalet, men den bergenske Jan Holden frå samtida.
// mjøling av eiga kake // frontlosjefestivalen er bloggen sitt eiget initiativ