Kategorier
Festival Sei hei til

Sei hei til Azra!

BASTARD: «Telling the truth» – a performance coming near you! Bli betre kjend med dama bak: Azra Halilovic.

«Telling the truth» hadde premiere på Teaterhuset i Avant Garden i haust. Azra Halilovic fortel ein historie om korleis det var å vekse opp som muslim i eit kristent land, om korleis det var når krigen kom til Bosnia og korleis det var å få augane til krigens ondskap borra i seg – bokstavleg talt. Ein personleg historie med mykje alvor og  tårer. Når ho ikkje står på scena er Azra heldigvis er full av humør og latter. Ingrid møtte ho under Bastard-festivalen.

DSC02594

ASL?

Må vi ha med age? 35 da, kvinne, Trondheim

Kva er du aktuell med?

“Telling the truth”. Forestilling som hadde premiere 28. august. Vi spelte nettopp på Bastard òg. Min eigen skreddersydde – for meg, forestilling.

Beskriv ein vanleg dag i september 2014.

Heilt kaos no. Etter å ha jobba med denne forestillinga så lenge, så er kvardagen snudd heilt på hovudet. Eg hugsar nesten ikkje korleis det var det der med kvardagen. Kva var det eg pleide å gjere? Å ete frukost er det lenge sidan eg har gjort. Og vaske huset, og klær. Så no går ein vanleg dag ut på å finne tilbake til kvardagen, det er det som er kvardagen. Også tenkar eg stadig på kven som vil ha forestillinga, kor skal vi, korleis blir det med 2015?

Korleis ser planane ut for 2015?

Fin! Stappa full. Vi skal all around the world, i alle fall i Noreg. Og kanskje til utlandet til hausten.

Kva er drømmejobben din?

Det er dette!

Kven er drømmekjærasten din?

(etter mykje fliring) Javier Bardem! Eg hadde ein drøm ein gong, kor eg var i eit digert amfi, og eg stod heilt øverst og såg på. Det var stappfullt orkester, med mange ulike typer folkegrupper som spelte ulike instrument, og i midten stod Gud med ryggen til og er dirigent, og han snur seg og det er Javier Bardem!

DSC02649

Kva er din beste eigenskap?

Jøss, no vart det alvor. Min beste eigenskap er at eg har ein evne til å sjå ting klart forbi kaoset, ein plass i meg, og eg veit ikkje om det er hovudet eller hjartet eller magen. Det handlar om at eg veit kva eg vil.

Kva var ditt første møte med teater eller scenekunst?

Eg var kanskje fire år gammal og gikk i barnehage i Bosnia. Eg var alltid veldig redd som barn og likte ikkje store folkemengder, og måtte alltid ha oversikt. Eg vart veldig fort forvirra og stressa. Også skjønte eg at vi skulle ein plass der noko skulle skje, og ikkje berre vår avdeling, men heile barnehagen. Og ikkje berre vår barnehage, men alle barnehagene i heile byen! Og det føltes som – viss du forestiller deg at alle alle barn frå heile verda samlast. Så gikk vi da, og barnehagetanta såg eg så vidt. Vi kom til eit digert hus, det var på ein måte like stort som heile byen. Eg var livredd. Vi gikk opp den største trappa ever, den føltes som Colosseum. Også kom vi til ein mørk og forferdelig jævlig skummel sal. Det var som å ramle i universet, mørkt og fælt og stort. Eg såg ingen og var livredd og fekk ikkje til å puste og prøvde å finne ut kor barnehagetanta var. I alt kaoset kom det ei dukke på scena, som skremte livskiten av meg og alle dei andre ungane berre lo og lo og lo. Og endeleg fekk eg auge på kor barnehagetanta var og eg flytta ikkje blikket mitt frå ho og av og til såg eg på denne dukka og berre “hjelp”. Da vi gikk ut tenkte eg at eg skal aldri meire i mitt liv skal gå på teater.

Kunna du laga scenekunst som ikkje var så personleg?

Ikkje no. Og det nye prosjektet eg drodler på er òg personleg. Viss det ikkje skulle ha vore personleg kunne eg kanskje ha regissert eller noko slikt. Men akkurat no er det ikkje aktuelt med noko anna.

DSC02614

Skulle du ønske du hadde vore foruten opplevingane frå Bosnia og krigen?

Det er ein barnsleg måte å tenke på. Om mitt liv skulle vore annleis og om eg skule vore ein annan? Eg tenker ikkje i dei banar og på ein måte kunne eg ikkje vore foruten dei opplevingane utan at eg anbfaler det altså. Eg har ikkje tid til å tenke på slikt. Eg er sint ja! Men ikkje på grunn av skjebnen min.

Har du nokre gongar vurdert å flytta attende?

Nei, faktisk ikkje. Eg har tenkt på det, men aldri vurdert det. Men kanskje det kjem til å dukke opp eit behov for det når eg blir eldre? Det er jo ein heilt annan kultur enn her. På grunn av forestillinga så kom eg enda meir kontakt med den kulturen og det er veldig ansleis. Eg klarer ikkje å sette fingeren på forskjellen med den norske kulturen, men det er noko med mennesker, korleis dei snakkar til kvarandre og oppfører seg mot kvarandre.

Korleis skal du ta over verda?

Skal eg gjere det òg?! Ved å sjarmere alle i senk.

Viss du ikkje hadde drive med teater, kva hadde du gjort da?

Vore nonne, muslimsk nonne. Drive med sufisme og gått totalt inn i det. Det kan ein gjere i Tyrkia. Eg har vurdert det seriøst, men far min har stoppa meg. Eg har alltid hatt ei seriøs tiltrekking til det og er nyskjerrig på sufisme, men min vei går ikkje dit, så da forheld eg meg til det som er ein realitet for meg.

Fortel om dagens outfit!

Haha! Det er skikkelig kjedelig. Svart, svart, svart. Dritkjedelig. Men eg følar meg fin. Eg går ikkje ut heimefrå før det er på plass. Det har eigentleg blitt meir og meir svart i det siste fordi eg har funne ut at viss fargane kræsjar så følar meg veldig ukomfortabel. Da dei skulle velge ut kostyme til meg, spurte Jörg (regissøren) om han kunne sjå på klesskapet mitt. Der var det eit raudt skjørt, og eit grønt skjørt og ellers svart og grått. Men likevel endte vi opp med gult.

Og til slutt ein selfie:

DSC02603

Veldig bra selfie, Azra! Akkurat passe mengde duckface og mystisk mysing med augane. Terningkast 6!